tirsdag 17. august 2010

august

Det er eit eller anna med august. Sommaren er på ein måte over, men på langt nær over likevel. Ein har ikkje ferie lenger, men likevel er det fine dagar, og muligheit til å gjere mykje moro på kveldane. Eller ein kan berre slappe av i hengekøya :)

Det er varmt og trykkande, noko som det ofte er i august. Skikkeleg lummert. Vi er 3 stykker som deler kontor for tida, og ventilasjonen er fråvernade pga oppussing... Å gå inn den døra er som å gå rett i ein vegg :P Men men, skal ikkje klage på veret når det er so varmt og egentlig ganske ok :)

Det beste med august er likevel forventinga. Det sitrar faktisk i heile kroppen og ein gledar seg noke vannvittig. Snart skal ein begynne på den perioden på året der ein finner Lykken med stor L. Den perioden der ein er i fullstandig mental balanse.

Av og til under i denne tida skjønna eg kva dei snakkar om, dei som finner seg sjølv gjennom meditasjon og den slags snåle greier. Moment of Zen, Nirvana eller kva det no heiter alt sammen.

Det nærma seg!!!

torsdag 29. juli 2010

Sumartid :D

Hmm. Over 2 mnd sidan forrige innlegg ser eg her. Kan kanskje sei det er sløvt, men eg vil påstå det stort skuldast at eg har hatt mykje å gjere på både på jobb og fritida, og blogging ikkje blir prioritert. Sånn er berre livet akkurat no.

Det er i alle fall sumarstid og ferie her. Er vel halvvegs i 3 vekers ferie no. Har hatt ei fantastsik veke i Jotunheimen, først med "hytte-til-hytte" tur og deretter Vinjerock. Turen var veldig fin, sjølv om vi vart litt blaute, kan du sei...
Eg var redd regnveret skulle fortsette når vi kom til Eidsbugarden og Vinjerock, og at dette skulle bli ein våt fornøyelse. Men dæven! Det klarna opp og vart DET veret! Kombinasjonen av bra ver, god stemning, veldig flotte folk og bra musikk gjorde til at eg lurte på om ein kunne dø av reint velvere. Type "kose seg glugg i hjel". Men det gjekk faktisk bra.
Ingen tvil om kva ferien neste år skal planleggast ut i frå. Eg er Vinje-frelst!

I morgon fer eg på tur til Trøndelagen. Frk T har overtatt garden og det skal feirast. Vert arti å treffe igjen bra folk. T og C traff eg jo på vinje, men frk L har eg ikkje sett på lenge. Frk A har eg faktisk ikkje sett på over eit halvt år, og det er ganske ekstremt for oss å vere!

Korleis har din sumar vore til no?

PS: Hytta er so godt som ferdig. Digg.

tirsdag 18. mai 2010

ja, eg veit det...

... eg er ein forferdeleg dårleg bloggar. Nesten ein månad sia sist.

Kva har skjedd sidan sist då? Får vel begynne omtrent der eg slutta sist.

Då var eg på Ås. Var ei knall langhelg der, men det var på ein måte litt blanda følelsar og. Ås er bra, men Ås er ikkje det same som det var. Allereie før det har gått eit år sidan eg for derifrå er "kjentfolk-andelen" betrakteleg redusert. Det er vel for so vidt naturleg, og sikkert berre bra å oppdage.

Frå Ås gjekk turen vidare til Molde på reiselivsmesse. Det var ein litt absurd opplevelse... Det var for all del arti, spennande og veldig lærerikt. Men det var ein anelse surrealistisk å vere utmarkskonsulent på den mest fancy og stivpynta happening'en i ReiselivsNoreg i løpet av året... hehe. Eg var konstant "underdressed". Godt under dress-code'n. :) Men arti var det!

Når eg omsider kom meg heimatt frå denne turneen, vart det eit par rolege dagar og ei helg heime i Naustdal før eg gav meg i kast med neste eventyr; HV-øvelse!
HV er ganske utskjelt og har eit litt slapt rykte, men eg vil påstå at det er betre enn sitt rykte. Dei som klagar i HV, dei klagar fordi dei vil klage. Dei som kjedar seg vil kjede seg. Og klart det; er man totalt blotta for tiltakslyst og -evne, so blir det nok litt venting...

Ellers so har det gått litt i hyttebygging. Det begynne å likne på noke der borte no. Det ligger bilder på FB for dei som måtte vere interresserte.

I går var det 17 Mai. Nok ein ting som ikkje er heilt det same som på Ås. Men var triveleg fordi, sjølv om eg var klink edru :P Gjekk i tog med Røde Kors Hjelpekorps. Litt kjipt å gå i røde Kors uniform i staden for bunaden, men i lett duskregn so va det for so vidt greit og.
Etter toget tok eg ein soft-is på bensinstasjonen og so vart det rømmegraut heime. Kvelden vart avslutta med ein sånn passe bra film saman med gode venar.


PS: Hmm, trur faktisk eg har fått tinnitus. Altso konstant øyresus. Det har susa konstant på venstre øyre i 1,5 veker no... Kryssa fingrane for at det går over, men mistenker at den er komen for å bli.

PS2: Skal prøve å skjerpe meg på blogge-aktiviteten!

torsdag 22. april 2010

På Ås!

Då var eg tilbake på Ås for ei "gjesteopptreden" :)
Ganske fint å vere tilbake, våren på Ås er fin.

Anledninga er ikkje berre våren (det får vere måte på...). Men det er MiniUka!!!
I kveld er det revy og konsert med John Olav Nilsen og Gjengen. Heilt ok musikk det, ikkje favoritten kanskje, men ok. Det viktigaste blir uansett å treffe igjen kjentfolk. Det ser eg fram til!

På laurdag vert det og konsert. Først mine gode kameratar i Noregs råaste band; TYYL!. Deretter dei gamle sliterane i Raga Rockers. Oppvarminga vil då bestå av 3000m øl, og grilling på Pentagon. Gode, gamle Ås-aktiviteta!

Får låne rom hos mi gode venninne, og tidlegare kollektivsambuar, Linn. Stas å treffe igjen ho og, har ikkje sett ho sidan i haust.

Det ligge an til ei skikkeleg bra helg!!!!

Klemmar til alle!

lørdag 17. april 2010

Lenge sidan sist

Ja, det er sant, Line. Det er på tide å legge inn nokre ord her.

Eg har vel oppdaga at eg ikkje er den fødte blogger... Har vore mykje ting og tang på kveldstid i det siste, og i tillegg har vel ikkje motivasjonen for hyppig blogging vore heilt 100%.

Nok om det.
Det er laurdag. Faktisk første dagen sia eg flytta inn i leiligheita at eg berre skal vere her på dagtid. Tidlegare har eg reist til Naustdal i helgane om eg ikkje har hatt ting å gjere her i Førde, eller reist vekk.
I det siste har eg forresten prioritert hyttebygging. Jo større innsats vi legger ned på hytta no, jo tidlegare er den klar for hytteturar til sommaren. Eg gler meg!!!
Denne helga skal eg slappe av litt, og få unna ein del papirarbeid og sånt for Røde Kors, og i jegerprøveinstruktør-utdanninga (dæven. langt ord...)

Ganske digg å ha ein roleg laurdagsmorgon. Tok ein klassisk laurdagstrippel, som består av egg, bacon og Bonanza. Kjent fenomen frå studietida, men lenge sia sist med den no. Genial start på dagen i alle fall!

Etter det har eg sett eit tv-program om krigen. Det er jo 70 år sidan invasjonen i desse dager, og eg sluker rått alt eg kan lese eller sjå om krigen. Syns det er vannvittig facsinerande, på godt og vondt. Godt fordi det er historisk veldig interressant. Vondt pga millionar av triste skjebner... Måtte det aldri gjenta seg!
Kanskje ein av grunnane for at eg er interressert i dette er fordi eg prøvar å forstå korleis noko sånt kunne skje... Det verste er at ein ser same teikna fleire plassar rundt om i verden i dag.

Etter tv-kikkinga tok eg ein oppvask som har blitt altfor stor. Prøva å ta den kvar kveld, men hender det skilr ut...


Kan slenge på litt fleire bilder frå leiligheita, det er jo ikkje so mange som har sett den endå.Stilen ber framleis preg av "ungkars-minimalisme. (Dersom nokon oppfattar dette som fisking etter kvinneleg nærvær og påverknad i leiligheita, so er det riktig oppfatta. Vi treng det vel, både leiligheita og eg... :) )

Kjøkkenet.

Soverommet. Har gått opp til 150 seng. Ganske konge!


Verandaen. Solrik og stor veranda på ca 2,5 x 8 m. Her skal det bli grilling og pilsing til sommaren. Ser det at eg må skrubbe litt her. aller beste er vel å lage treplatning her , i seksjonar som eg kan sette under tak om vinteren.

Nei no får eg komme i gang med det som eg var tenkt å gjere. Auf Wiedersehen.

(Triveleg om eventuelle lesarar legge igjen ein kommentar her. Kanskje det vil hjelpe på blogge-motivasjonen. :) )

mandag 8. februar 2010

Stem på mine gode vener!

Nokre vener av meg er med i ein konkuranse, der premien er ei veke med moro!
Gå gjerne inn på http://www.onecall.no/wintercamp/ og stem på videoen FRISKT!

A

søndag 7. februar 2010

Skihelg i Myrkdalen!

I helga var eg på tur med gamle kjente frå Mo (vgs). Ein av dei er grunneigar Voss Fjellandsby i Myrkdalen ved Voss. Dette har blitt ein tradisjon for dei andre, eg var med for første gang i år.

Fredagen ankom vi åstaden. Vår lokale helt hadde bestilt leiligheit i fjelllandsbyen og vi kom oss på plass i den. So vart det no nokre kalde, brune før vi tok kvelden.

Det vart og ovverrekt gåve til den lokale helten, ein Magnussen skikjelke frå Forsvaret. Kjekt å ha!
Neste dag bar det ut i bakken. Her eit knippe alpinistar so drive å trena til OL...

I Vetlebotn har dei eit genialt kulinarisk konsept, supert for oss idrettsfolk som trenge påfyll!
Vivi tar ein liten lunsjlur i næraste seng. Arve ser lengtande ut vindauget og er utolmodig etter å komme seg ut att i bakken. Ekte ski-entusiast!
Dagen i bakken med sunn vinteridrett tok tydelegvis på, ikkje ein gong Solo klarar å holde liv i folket!
Seinare ventar eit betre taco-måltid. Og det er etterlvart tradisjon.
Kaffe avec'en var av det imponerande slaget!
Avec'en skulle nytast i fellsskap, men Arve var utolmodig og er allereie ferdig med sin.

I dag tidleg var veret endå finare. Sol og knallblå himmel. Dei andre gav (tradisjonen tru) beng i vidare ski-aktivitetar. Sjølv måtte eg ha meg ein tur og kjøpte meg eit totimers-kort. Vart ikkje teke noken bilder dessverre.

Korleis har di helg vore?

Skal nesten bli litt digg med ei "roleg" veke no...
Senga kaller!

Natta folkens, klem Alfie

Rævnesjåvv!!!

Veka som snart er slutt har vore ei hektisk, men særdeles bra veke! :)
Onsdag reiste eg til Ås for å få med meg årets Rævnesjåvv, Rævnarokk!
Langt å køyre 7,5 time kvar veg for ein revy, ein fest og 22 timar på Ås, eller kva det vart. Men det var verdt det! Gutta på scena leverte varene på solid vis. Bandlåtane sat som vanleg spikra og var ryggraden i sjåvvet. Gutta hadde til og med drilla på sceneskift i år! Det var nye takter i Rævne, kan du sei... :P

Det va snodig å sitte i salen, eg har jo stått på scena siste 4 åra. Det var vel både litt vemodig og litt godt, men først og fremst veldig arti. Etterpå va det kjempestemning backstage, og ein gammal kjenning ved navn Chivas fekk bein å gå på. Resten av kvelden bar vel littegrann preg av denne chivas, men ikkje verre enn at det gjekk greit alt i alt. Ha vore med på verre.

Nesten like kjekt va det å treffe igjen ein del kjentfolk. Skulle hatt nokre dagar når eg først var der nede. Både for å treffe fleire gamle kjente, og få meir tid med dei. Eg får ta det igjen utpå ettervinteren/våren.
Uansett var ein kjapp Ås-tur rein medisin for post-Ås-syndromet mitt :P

Venleg helsing Onkel reisende Alfie

søndag 31. januar 2010

Finfin helg!

Har hatt ei veldig fin helg!

I går starta eg skytesesongen 2010. Skyting har blitt tatt sånn passe seriøst siste åra. Skyter nokre stevner for året. Trening blir det stort sett verre med. Men det er no fortsatt arti å reise rundt på nokre skytestevner som heilt vanleg ”grasrot-skyttar”.
Var på 3 innandørs-stevner. Eg er som regel veldig fornøgd når eg bikka 230. I går hadde eg to på 231 og eit stevne på 228. Det må eg vere fornøgd med.

I dag va det knallfint ver her. Hadde egentlig tenkt meg på skitur, men det snødde vel ein halvmeter i går, so det hadde nok blitt tungt. So det vart tur med spark og huskyar i staden. Og eg angra ikkje! Vart ein knallfin tur med Loke, Sandra, Zeke, Niak, Molinka, Mac, Rolf, Lexus, Kaja og Piwo.
Dagens gåte er å finne ut kven som er hundar og kven som er folk av dei 10…


God natt!

Varme tankar

Sender nokre varme tankar til Line på FunkyFarm'en. Va trist å lese om tapet av Bast :(

Ord blir fattige, men eg sender i alle fall ein god klem oppover til deg Line.

Klem Alfie

torsdag 28. januar 2010

Siste kveld...

... eg må gå på kontoret for å komme meg på nett. I morra skal telenor koble meg til, har dei lova. Men når det gjelder telenor vågar eg rett og slett ikkje håpe for tidleg. Lika ikkje å klage, men er ikkje heilt fornøgd med opplegget og servicen ved bestilling av breidband.

Skal bli digg med nett. Må vel rett og slett innrømme at eg er blitt litt avhengig av nett-tilgang i kvardagen. Er kanskje litt stusseleg, men det er no eingang sånn.

Jeje, på tide å rusle heim snart kanskje.

onsdag 27. januar 2010

Kveldsjobbing

No har eg egentlig ein ganske fornuftig grunn til å sitte her på kontoret. Vore på møte i Lavik (ein times køyring sørsørvestover). Lika egentlig desse kveldsmøta. Arti å komme seg ut blant grunneigarane og preike med dei.

Men det kan bli litt seint då. No var eg tilbake kl 23, so det va ikkje so gale. Det er verre når eg er i indre Sogng, Selje etc. Då blir klokka fort 01 før eg er heime...

Jaja, no stikke eg heim og finne senga. Sneiks!

tirsdag 26. januar 2010

Gjensitting!

Skal på eit foredrag kl 18. So eg gidde ikkje rusle heim berre for å stikke ned igjen. So då sitte eg heller igjen her på kontoret.
Heldigvis so har eg gjerne ein sånn i bakhand her

Smaka sånn heilt greit.

Ute begynner det å bli litt mørkt og grått etter at det begynte å snø. Førde er ikkje særleg vakker under sånne forhold...

Underholdning i kvardagen får eg frå ein snasen liten sak so kosta 49.90 på Biltema

Etter "middagen" gjer det seg med ein kaffikopp og


Sånn går no dagane...

Gleda meg litt til fordraget er ferdig, då skal eg heim å lage meg litt skikkeleg mat. Trur det blir Alf Spesial i dag :)

Alfie

mandag 25. januar 2010

Min nye hobby...

... er tydelegvis å rusle ned til sentrum, stikke opp på kontoret og surfe på nett. Har som kjent ikkje nett i leiligheita endå.

Ein kan jo sjølvsagt påstå at det er ein stusseleg hobby. Det er jo liksom ikkje særleg cred å bruke tid på nettet, egentlig. På ei anna side so får eg ein rusletur på ca 20 min kvar veg, litt frisk luft og klare tankane littegrann. So eg syns ikkje det er so verst eg.

A-man

søndag 24. januar 2010

Kor var du då Alf brakk staven?

Jada. Hadde (har endå) store planer om å gå ein del på ski i vinter. Ikkje beinhard trening med kondomdress akkurat, men lufte fjellskia so mykje som mogeleg i vinter.
Rett og slett gå meir på ski enn den faste "plikt-turen" på Sandfjellet i påska :P

Det skulle vise seg at dette ikkje skulle bli berre lett.
Første gang eg skulle på tur: Fekk ikkje start på min bil, måtte låne fadern sin bil. Havna i grøfta ein tur og måtte ha dra-hjelp opp igjen. Når eg kom fram viste det seg at eg glømte skiskoa...

Andre tur: Mista balansen i kuppert terreng, måtte ta meg for med staven og bøygde den. Fekk brust i staven når eg prøvde å rette den ut.

Tredje tur: Dramatikk på vegen igjen. Møtte ei kjerring i ein renault, som låg på mi side. Måtte legge meg over på feil side eg og, og vi passerte kvarandre på "engelsk maner"... Havna opp i eit interressant møte mellom ulike hunde-kulturar, som enda med at ein husky pissa på sekken min...

Fjerde tur (i dag): Knakk staven etter 300m, fullførte altso jobben eg begynte på forige helg. Gjekk opp til Røde Kors hytta med ein stav på trass.




So, spørmålet er: Kor var DU då Alf brakk staven? (søndag 24.01.10 ca kl 14)

Lite blogging

Har vore lite (ehh... null) aktivitet her i og etter jula. Beklagar det overfor dei som måtte kikke innom av og til. Det skal bli betre når eg får nett i leiligheita. Eg teller ned til fredag 29....

Ellers var jula og nyttår ganske som det brukar å vere. Jula er liksom ikkje det same som når ein var guttunge, det kan vi vel alle vere einig om. Det er veldig tiveleg å tilbringe tid med familie, slekt og venner! Utover det skjer det jo lite :P Det vart jo ikkje til at eg gjekk ut 2. juledag heller. Kort fortalt kan ein vel seie at jula var betre enn den i 2008, men ikkje so bra som den i 2007. Nok om det.

Etter jul har det gått i jobbing, litt hyttejobb og eit par skiturar. Litt trå start på året på jobben, og veldig mykje som er usikkert. Eg kryssar fingrane for at aktiviteten tar seg opp, ting stabilisera seg og at eg får forlenga.

Men no trur eg snart det er skitur på Vona eller noke sånt. Skal komme tilbake med djupe og reflekterte blogginnlegg år eg får nett i Hornnesvegen 20B

Alfie