mandag 20. juli 2009

Lite flink...

... til å blogge i det siste. Skal innrømme det.
Eg er av den formeining at om sommaren skal ein ikkje akkurat prioritere tida foran datan.
Var på Friluftshelga i Hyen no i helga. Triveleg å treffe litt slekt og gamle kjende.
Bygde litt hytte på laurdag og. Det går sakte men sikkert framover med den hytta, gleda meg noke enormt til den er ferdig.

No har eg besøk av AM eit par dagar og livet er finfint :D

Blir hyppigare blogging seinare i veka.

Alfie

tirsdag 14. juli 2009

Definitivt siste gang...

... eg bruka den plenklypparen!

Eg har då nettopp klippa plenen. Men vår gamle elektriske plenklyppar frå ein gang på 90-talet.
Eg er lei av å gå å slepe på skøyteledning som henger seg opp i alt.
Eg er lei av å tømme den knøttlille posen kvart 3 min
Eg er lei av å skubbe på klypparen uten hjuldrift i mjuk mose. (Skal eg trene går eller sykla eg heller ein tur)

I tillegg er den treig å få til å starte og vil ikkje stoppe når den skal. Sikkerheit er ein fin sko...

Neste gang tjuvlåna eg klypparen til nabon.


"Pent" brukt plenklyppar til salgs. Elektrisk, men beinsterk motor. Skarpe, fine knivar.
Følger med oppsamlerpose, heil og pen.
Selgast til høgstbydande over 12 kr.







Alfie, the gardener

mandag 13. juli 2009

Trim for eldre

Veit ikkje kva som går av meg... Eg har fått sansen for mosjon. Må vere alderen.

Har alltid vore sånn at eg ikkje har vore motivert for å trene berre for å trene. Då eg spelte fotball hadde eg liksom ein grunn til å trene. Når eg endeleg tok til vet og innsåg min mangel på talent innan fotball, vart det og slutt på treninga.
Sett borti i frå noken innfall, som feks den småsprø morgen-intervall-treninga til meg, frk M og mr TB i fjor vår, so har eg hatt ein treningsfri kvardag og vore fornøgd med det. Inntil no.

Kanskje er det det at eg har innsett at eg gjerne kan ta av eit par-tre kilo. Men sannsynligvis er det vel berre eit so klisjefylt faktum at eg lika å komme meg ut å røre litt på meg. Sitte jo stort sett på eit kontor heile dagen for tida.

So no har eg altso nett vore ute og sykla opp forbi Styggelia og ned igjen. 3 mil.
Vil ikkje kalle det trening, det blir for seriøst. Ikkje trim heller, det blir for slapt. Fysisk fostring, kanskje. Eller mosjon?

I helga...

... var eg på country-festival. Dvs, i nordfjord heite det ikkje country. Det heite ikkje køntri heller. Det heite Kånntri! med å, og solid trøkk på dobbel n. When in Rome osv.

Det der med kåntri'en er egentlig gammal tradisjon. Eg kan ikkje fordra den seige musikken. Heile greia er so harry at ein kan få tics av mindre. Men, som sagt; det er tradisjon.
Det begynte for 10 år sidan, trur eg. Då var vi ein heil gjeng frå vidaregåande som reiste på kåntri'en. Vi gjekk tross alt på jordbruksskule... Vi var sikkert 20 stk til sammen eller noke. No er vi 4 stk igjen av den gamle kjernen som nekta å gje oss. Er sjølvsagt fleire kjentfolk som er med, men det minkar.

Va no for all del arti. Sjølv om eg tok det ganske roleg. Dvs eg tok det roleg på laurdag. trudde eg tok det roleg på fredag og, men det kjennest ikkje sånn ut laurdags morningen. sikkert begynt å bli gammal. No har no 2 av oss gjenverande fått fast følge og. So no sleppe vi no i alle fall å stresse med det. Vi prøvar å skaffe til dei 2 andre og, men det er ikkje lett når dei trivst aller best med å sitte i ein campingstol og drikke øl. Eg kan ikkje mykje om kvinnfolk, men eg har skjønt sopass at akkurat det blir dei ikkje mykje sjarmert av :P

Litt arti å mimre tilbake på gamle kånntri-minner.
kem kan vel glømme den gangen K yppa med feil fyr og vart kasta inn under ei campingvogn. Eller den gangen W (den kødden) høvla over E i MITT telt!
R har jo sjølvsagt hatt noken solide kuler der oppe, før han vart tøffel. O som har so kort heim at han kvart år tar turen heim på laurdagen for å gå på dass. Og alle dei gangane W har vore so fyllesjuk at vi har vurdert avliving. Det har han vel forresten vore kvart år.
PS: det sov to persona inne i dette teltet...


Det er nok ikkje det same lenger, altso. Før var det sommarens desiderte høgdepunkt. I går satt vi faktisk å vurderte om vi skulle droppe det til neste år. Finne ein annan festival? Ta ein tur i staden for? Likevel tør eg vedde på at neste sommar, når vi nærma oss andre helga i juli... So kobla vi på campingvogna vår frå 1978 og vende nasen mot Breim, nok ein gang. Hellig overbevist om at i år blir det jaggu bra!

Han hadde egentlig rett han som sa at kånntri handla handla rett og slett om tru, håp og kjærlighet.

Sette opp denne jækla bloggen

Tankar som går gjennom haue når eg prøvar å få denne sida her til å sjå nokonlunde vetig ut:

*Hmm, må ha eit bilde her...
*Nei, F**n, ikkje det. Såg grusomt ut
*Hmm, eg har ikkje akkurat so mange vetige bilder av meg sjølv.
*Får prøve å styre unna bilder der eg posera med døde og blodige dyr.
*Hmm, ikkje der der eg har camo-krem i tryne heller. Vil ikkje bli oppfatta som ein army-freak.
*Oi, då gjenstår stort sett bilder med alkohol i handa... Eg vil jo framstå som ein seriøs fyr.
*Ok, det der funka
*Nei det gjer det ikkje, eg mista jo haue på forhåndsvising
*Der ja.
*Nei f**n, no flytta det på seg her

*Hei! Kor blei den teksten av???

*AAAAAaaaaarhg!!!!!!!!

*H*****s sjetblogg!



(Går opp og ete middag)





*Ok, då prøva vi igjen eg og du
*Der ja. No snakka vi.
*Nei.... det gjer vi visst ikkje.
*No gidde eg ikkje meir, det får no te helsike berre vere sånn!

Som dokke sikkert skjøna so var ikkje detta heilt enkelt. Og det vart vel ikkje heilt so eg hadde tenkt heller. Tenkte eg skulle få til noke like fancy som Line, men det slår meg at den dama har litt betre greie på dette med design og layout :P

Jaja, får tilpasse det meir etterkvart. Gidde ikkje no

Alfie

søndag 12. juli 2009

Hjelp! Eg starta visst blogg...

Jepp.
Då falt eg for fristelsen. Har tenkt på det ei stund. Må no finne på noke for å få dekka visse sosiale behov etter å ha flytta frå Ås.
So då laga eg meg ein blogg!
Har ein feeling av at verste blogg-bølgen har gått litt over no. Det e liksom ikkje so "in" lenger. Då er det eigentleg blitt stovereint for meg å hive meg på ei forbigått bølge, det er ganske typisk meg.
Skyr mote og aktuelle trendar som pesten, men kastar meg gjerne på når fuzz'n er over og ein ser kva som funkar og ikkje, viss dokke skjønnar. (Litt arti å skrive dokke her, då der er ein ganske overhengande fare for at ingen kjem til å lese dette, hehe)

I tillegg til at dette universet no er blitt stovereint for meg, so må eg innrømme at eg er veldig inspirert av Funky Farm'en til Line. Den følger eg etterkvart ganske tett, og uten den hadde eg aldri falt for dette opplegget her.

Eller so skal eg i alle fall prøve å blogge litt i ny og ned. So får eg satse på at eg får fiksa til sida og sånt litt etterkvart.

Alfie