søndag 31. januar 2010

Finfin helg!

Har hatt ei veldig fin helg!

I går starta eg skytesesongen 2010. Skyting har blitt tatt sånn passe seriøst siste åra. Skyter nokre stevner for året. Trening blir det stort sett verre med. Men det er no fortsatt arti å reise rundt på nokre skytestevner som heilt vanleg ”grasrot-skyttar”.
Var på 3 innandørs-stevner. Eg er som regel veldig fornøgd når eg bikka 230. I går hadde eg to på 231 og eit stevne på 228. Det må eg vere fornøgd med.

I dag va det knallfint ver her. Hadde egentlig tenkt meg på skitur, men det snødde vel ein halvmeter i går, so det hadde nok blitt tungt. So det vart tur med spark og huskyar i staden. Og eg angra ikkje! Vart ein knallfin tur med Loke, Sandra, Zeke, Niak, Molinka, Mac, Rolf, Lexus, Kaja og Piwo.
Dagens gåte er å finne ut kven som er hundar og kven som er folk av dei 10…


God natt!

4 kommentarer:

  1. Så herlig ut!
    (Tipper Sandra og Kaja ikke er hunder?)

    SvarSlett
  2. Hehe. Ganske riktig Line. Du har plukka ut 2 av 3 menneske :)

    SvarSlett
  3. Rolf er heilt riktig. Dokke er dyktige!!

    SvarSlett