mandag 30. november 2009

Bruktbilselgarbransjen...

...er nok noko for meg.
Har nettopp solgt gamle Galanten. Bilen som eg har hatt sidan 2004.
Eg har jo då kjøpt meg ny bil (dvs brukt, men ny for meg). Og då har eg jo ikkje bruk for min gode gamle asiatiske venn lenger.
Tok bilete av den og la den ut på Finn.no på fredag. Laurdag ringte det jammen ein trønder som ville ha den. Suksess!
Trønder'n kom med nattbussen frå Trondheim i natt, og vi møttes her i Førde kl 06 i dag. Skreiv under kontrakta og fekk pengane. Og no er den på veg oppover til trøndelag. Bilen har vore der før og kan vegen godt, ingen problem det.

Eg trur Galanten får eit godt liv. Det var tydelegvis ein kar med litt peiling på bil. Han skulle ta ein solid gjennomgang på den og fikse alt som ikkje var heilt på G. Deretter skulle den bli pendlebil mellom Melhus og Værnes.
Det er ei god kjensle å selge den til slik ein kar. Eg må innrømme at eg i mørke stunder har frykta for at Galanten si karriere var over. At ingen ville ha dette glimrande stykke køyretøy, og at det var skroten neste. Men heldigvis var det ein der ute som hadde peiling på bil. Konge!

Pengane kjem godt med. Overtar leiligheit i morra, og treng det meste. Eg har egentlig mest lyst til å kjøpe meg ei børse for pengane, men fornuften vinner vel denne gangen, dessverre.

søndag 22. november 2009

Jeg er ikke....

.... så tror som du full jeg er.

Neida. Holdt meg bra i skinnet i kveld. Burde sikkert sagt neitakk til eit solid glas akevitt no heilt på slutten, men LA GÅ!

Er på fiskeseminar. Med julebord. Råflotte greier, å ligge på hotell på enkeltrom med fullpensjon ganske nøyaktig 12 km frå der ein bur. Det er faktisk fordelen med å ha jobb. Som kan betale slikt :)
Om 6 timar og 10 min skal eg forresten holde eit innlegg. Det blir kult.

Ein ting eg tenkt på i det siste. Då eg var student, var eg ganske vandt med å trekke opp snitt-alderen i dei fleste samanhengar. Eg var blant dei eldste i dei fleste samanhengar. Fair enough. No derimot, trekker eg snittalderen betrakteleg ned i alle samanhengar eg deltar i! Ofte er eg yngst, til og med.
Dette faktum er ei blanding av interessant og meget skremmande.

Uansett. Her vore ein triveleg kveld. Ete godt, drukke litt, og dansa litt swing med frøken M. Heilt ok det! No har eg ein date.... Med ei dyne.

Sjubbidoooo, folkens

Klem til alle som vil ha frå ein littegrann brisen Alfie

fredag 20. november 2009

Busy helg

Blir hektisk helg det her.

I kveld er det julebord med jobben. Skal bli arti å sjå når ellers litt trauste kollega'ar får litt innabords. Og blir nok triveleg å treffe betre halvdelar. (Sjølv må eg nok gå aleine, stakkar).

I morra er det fiskeseminar. Må nok holde meg litt i skinnet i kveld, for eg skal vere ordstyrar i morra. Jaja. Nok eit julebord i morra kveld, denne gangen på fasjonable Rica Sunnfjord Hotell :) Er faktisk so råflott av meg at eg overnatta på hotellet, som ligge vel 10 min heimeifrå. Skal det vere so skal det vere!!!

Søndag er det andre dag av seminaret. Må nok ein gang vere litt presentabel, då eg skal holde eit innlegg. Skal bli godt å bli ferdig med helga og, lure på om eg skal produsere litt elg-karbiser på søndags kvelden.

Ha ei strålande helg, folkens!!!

PS: Det er vistnok "spark-ein-rødhåret-dagen" i dag. Ingen so har sparka meg...

The A-Man

torsdag 19. november 2009

Sorry...

... har vore fråverande i det siste. So beklager til dei som eventuelt måtte finne på å følge med her.
Eg kunne prøvd å unnskylde meg med at eg ikkje har hatt tid. Men det stemme vel egentlig ikkje :P Denne veka har eg vel brukt fleire kveldar på å berre sitte heime å sløve. Har faktisk litt dårleg samvittighet for det, men e no jammen godt å sleppa av litt av og til og!

Eg er forresten inne i ein "savne Ås periode". Leser på fjøsboka og andre medier at folk lese på eksamen der nede. Skulle nesten ønske eg og satt på Sørhellinga dagen lang og leste. Det var eit undervurdert liv :)
Men det er hovudsakleg 3 andre ting eg savna frå Ås; det sosiale livet, Samfunnet, og ikkje minst dei fantastiske jentene! Skal ikkje utdjupe det so mykje meir, men liknande trur eg ikkje ein finner nokon annan plass. So enkelt er det.

Ein stor fordel er det likevel i arbeidslivet. Ein får sjansen til å bli ekte gjeldsslave! Var i banken i går å besegla mi framtid i så måte. So då flyttar eg altso inn i leiligheit i Førde 1. des. Skal bli skikkeleg digg å sleppe å starte bilen kvar morgon!

Men no e det vel senga. So eg ikkje forsøve meg i morra og. Fekk ikkje tid til å drikke kaffi i dag nemlig. Og det er ikkje bra :P

Gudd nait fåolks!