søndag 24. januar 2010

Kor var du då Alf brakk staven?

Jada. Hadde (har endå) store planer om å gå ein del på ski i vinter. Ikkje beinhard trening med kondomdress akkurat, men lufte fjellskia so mykje som mogeleg i vinter.
Rett og slett gå meir på ski enn den faste "plikt-turen" på Sandfjellet i påska :P

Det skulle vise seg at dette ikkje skulle bli berre lett.
Første gang eg skulle på tur: Fekk ikkje start på min bil, måtte låne fadern sin bil. Havna i grøfta ein tur og måtte ha dra-hjelp opp igjen. Når eg kom fram viste det seg at eg glømte skiskoa...

Andre tur: Mista balansen i kuppert terreng, måtte ta meg for med staven og bøygde den. Fekk brust i staven når eg prøvde å rette den ut.

Tredje tur: Dramatikk på vegen igjen. Møtte ei kjerring i ein renault, som låg på mi side. Måtte legge meg over på feil side eg og, og vi passerte kvarandre på "engelsk maner"... Havna opp i eit interressant møte mellom ulike hunde-kulturar, som enda med at ein husky pissa på sekken min...

Fjerde tur (i dag): Knakk staven etter 300m, fullførte altso jobben eg begynte på forige helg. Gjekk opp til Røde Kors hytta med ein stav på trass.




So, spørmålet er: Kor var DU då Alf brakk staven? (søndag 24.01.10 ca kl 14)

6 kommentarer:

  1. Tsk tsk... du må jo ikke brekke stavene dine! E satt i sofan og såg på at andre kavde og strevde (So you think you can dance) og spiste ostepop! Relaxing sunday

    SvarSlett
  2. Haha, det der kunne så lett ha vært meg!!
    Kl. 14 i dag var jeg ute og lekte på isen på jordet sammen med min 6-årige venninne!

    SvarSlett
  3. hehe:) bra historie det der! :) Må kjøpe deg bedre staver! :P
    Jeg satt i sofaen og så tv, og spekulerte på om jeg skulle komme meg ivei å trene! Så 5 over to var jeg på Spenst, mye tryggere enn å ut med bil og der man må ha med mere enn sko og klær! :)

    SvarSlett
  4. Stavane skal egentlig vere ganske bra dei, trur eg. Men det er jo klart at produsentane ikkje har tatt høgde for mi umenneskelege styrke i armane...

    SvarSlett
  5. Hehehe! Da du knakk staven din var jeg og Sandra på rattkjelketur Naustdal rundt med hundene! Avslutta med kos i hundegården, testing av hundehus, dinner made by PT og sist men ikke minst KAFFIKOPPEN i sofakroken! Med andre ord, en ganske OK søndag!



    ok. Neste gang du ska opp.. SÅ tror jeg at jeg henter deg, sjekker sjekklista om du har med deg alt.. tar en rolig start til du har fått "varmen" i deg. Har en ekstra stav i sekken. OG plaster om noe skulle hende.. Skal og sørge for å kjøpe inn regntrekk til sekken din!!

    SvarSlett
  6. Når du brakk staven låg eg i fosterstilling på sofaen og var utruleg glad for at det ikkje var eg som skulle kjøre til Lillehammer på hockey ein time etter. Men Lillehammer vant kampen, og verda var ein betre stad, straks! :)

    SvarSlett