torsdag 27. august 2009

Pelsdyrnæringa

... er i hardt ver om dagen. Dei fleste har vel fått det med seg.
No burde eg heilt sikkert skrive at næringa bør leggast ned, at den er forkasteleg, at det er dyreplageri etc. Det er jo Politisk Korrekt.

Men det kjem eg altso ikkje til å gjere. Eg har jobba litt med pelsdyr og kjenner meg ikkje igjen i den propagandaen som enkelte sokalla dyrevernarar. Kanskje eg har vore heldig med dei revegardane eg har jobba i, men eg kan ikkje hugse at eg hadde noko å utsette på dyrevelferden. I alle fall ikkje samanlikna med andre driftsformer i det norske landbruket.

Det fins råtne epler i alle kurver. Og i pelsdyrnæringa. Der fins nok dessverre dei med eit litt forelda syn på dyrevelferd. Det er bra at desse vert kontrollert og at det eventuelt vert sett i verk tiltak.
Men det betyr ikkje at heile næringa skal leggast ned. Det fins ingen logikk i det, og det er inegn andre næringar som må finne seg i slikt.
Der skjer av og til dyretragediar i sauehaldet. Det er ikkje snakk om å legge ned heile sauenæringa av den grunn...! Det same med storfe, høns, hest osv.
Det må vere ufatteleg frustrerande for dei seriøse pelsdyroppdrettarane som er opptatt av dyrevelferd og eit skikkeleg dyrehald. At dei blir stigmatisert på den måten.

Eg må og seie at eg er skuffa over diverse politikarar som bit på denne propagandaen frå diverse grupperingar. Dei tek seg ulovleg inn på revegardane, tek bilete og filmar. Ikkje rart pelsdyra viser unormal og stressa atferd når det kjem ukjende folk inn med lys, blitz osv... Det er slike situasjonar som fører til halebiting og andre skader som dei etterpå kan "dokumentere".

Nokon vil påstå at pels er luksusprodukt og unødvendig. Holde dyr fanga kun til menneska sin forlystelse. Skal ein følge den linja må ein vere konsekvent.
Alt hundehold må då og blir forbudt med mindre hunden er brukshund (jakt, gjeting, redning, trekkhund etc). Hundehold er å holde eit rovdyr i fangenskap til vår eigen forlystelse. Samt å nekte hunden å leve ut sine naturlege instinkt og drifter.

Men uansett korleis ein vrir og vender på det so er pelsdyrnæringa snart ein saga blott... Ikkje pga dyrevernaktivistar, men pga mangel på rekruttering. Næringa slit seriøst med forgubbing og det er ingen unge som er interessert i pelsdyr.

So då vinne vel desse sokalla dyrevennane då. Kva blir det neste dei skal gå laus på?

tirsdag 25. august 2009

Opprydding

Det er ofte dei enkle små tinga i kvardagen som får ein til å stoppe opp å tenke litt. Hadde nettopp eit slikt øyeblikk. I utgangspunktet ein liten bagatell, men som på ein måte hadde stor symbolsk betydning for meg. Det føltes i alle fall sånn.

Eg sat no her foran PC'en og skulle fikse noke jobb greier. Har jo jobb-PC som eg normalt brukar. So det var første gang eg skulle lagre noko jobbrelatert på denne PC'en.
Eg oppretta mappa "jobb" under Mine Dokumenter. Det gjekk fint.

Eg opdagar at lista med mapper under Mine Dokumenter er lang og rotete, og bestemmer meg for å rydde litt i dette. Dei fleste mappene bruka eg jo ikkje lenger.

Eg oppretta mappa "Studenten Alf" for alle mappene som var student-relatert og som eg derfor ikkje bruka lenger. Det var då tankane begynte å melde seg...
Desse mappene som definitivt var dei eg brukte mest. Både som student og som engasjert brukar ein jo data enormt mykje. Desse mappene representerte jo egentlig heile livet mitt, omtrent!

Dei første mappene eg la inn i "Studenten Alf" var mappene "Master" og "Fag". Det gjekk greit. "Tidl Fag" var heller ikkje særleg vanskeleg. "Tuntreet" og "Valnemnd SS" (studentstyret) var relativt korte karrierer med litt mindre betydning enn ein del andre ting og drukna derfor litt.

"Lydkommiteen" og "UKA" var litt verre. Eg har vore medlem i Lydkomiteen på Samfunnet i 5 år, vart verva på grillfest på Pentagon. 2 år som leiar i komiteen. Lydfunkis under 3 UKEr.

"Ringfestkomiteen" bringte fram nokre minner. Det vart ein del planlegging, det vart ein del stress mot slutten. Men, med fare for litt sjølvskryt, det vart ein fantastisk kveld. Det er komplett umogeleg å avslutte 5 år på Ås på ein verdig måte, men det var so nær som det kan komme!

So kom dei tyngste mappene å flytte over til mappa som symbolisera historie:
"Samfunnsstyre" og "OverRævne". Eg gidde ein gang ikkje prøve å sette ord på det.
Det var jaggu snålt.

Spørs om det er i ferd med å gå opp for meg at denne perioden er over. Sjølv om eg innerst inne trur at eg kjem til å nekte for akkurat det til Dovre faller.


Apropos: Lure på kortid eg skal slette tlf-nummeret til Modern frå mobilen. På fredag er det 2 år sidan...

Alfie

søndag 23. august 2009

Fin dag!

Hepp! Vore dårleg til å skrive her i det siste. Den kjem og går litt den der inspisasjonen og skrivekløa.

Men i dag kan eg i alle fall opplyse om at eg har hatt ein fin og relativt innholdsrik dag.
Starta med det som er kvalitetstid her i huset, å kunne ta seg god tid til å ete frukost i helgane. So det vart ein passeleg lang frukost med ein kaffikopp eller tre.

Fadern skulle på hytta å jobbe. Eg skulle til Røyrvika og merke og rydde nokre hjortepostar. Slapp av fadern på vegen, og køyrde opp i Røyrvika Fekk meg ein finfin tur i skogen. Fekk vel rydda og merka 10 postar eller noke sånt. Såg forresten 2 hjortar, truleg ei kolle med kalv.

Då eg kom ned igjen, tok eg med hagla ned til vatnet for å sjå etter ender.
Klarte å snike meg inn på nokre krikkender som sat på ein stein. Fekk 2 av krikkendene. Tok sannsynligvis sesongens siste bad då eg måtte svømme ut og hente inn endene. Skal bli arti å tilbrede krikkand, for det har eg ikkje smakt før!

mandag 10. august 2009

Aastøylen

Det ville ikkje vere enkelt om ein skulle kåre verdens finaste plass. Men ein ting er i alle fall sikkert; Aastøylen hadde komme veldig høgt på lista mi! Aastøylen er ein skikkeleg god gammaldags støyl (også kalt støl eller seter).

Støylen ligger idyllisk til på ein voll ved siden av ei elv, innerst i Gjengedalen i Hyen.
Her har tante Judit og onkel Anders dyra sine om sommaren. Dei er av dei få bøndene som "støylar" på gamlemåten, og mjølkar kyrne på støylen. Kyrne går fritt ute i den frodige støylsmarka heile dagen, og blir henta inn og mjølka om kvelden. Om morningen vert dei mjølka og sluppe ut att.
Dei leverer ikkje mjølka, då dei ikkje har system med mjølketank på støylen. Mjølka vert separert med handemakt, og tante og søskenbarn Hilde lagar rømme, smør etc på skikkeleg støylsvis!

Før mjølking må kyrne hentast. Dei kan vere nesten kor som helst :) I går var det fadern, søskenbarn Hilde, søskenbarn Sigurd og eg som skulle finne kyrne og hente dei inn til mjølking. Eine kyra går med peilar, so vi visste sånn nokonlunde retningen. Men likevel gjekk det ganske lenge før vi (rettare sagt Sigurd) fann kyrne. Dei hadde like gjerne funne seg ein fin plass med godt beite på ei øy midt i elva.




























Eg og fadern vassa over elva og jaga kyrne over på rette sida av elva igjen.








Legg forresten merke til kor reine og fine kyrne er. Sånn blir dei av å gå ute om sommaren!






Etterkvart fekk vi jaga kyrne tilbake til støylen og tante fekk komme i gang med mjølkinga.




























Etter mjølkinga vert mjølka separert. Denne gode, gamle seperatoren skiller skiller ut fløyten i mjølka, slik at ein sit att med skummamjølk og fløyte. Legg merke til sveiva, her må det handemakt til for å få det ideelle tempoet. Dette er ein vitenskap!!!

Denne typen støylsdrift er vistnok ikkje økonomisk lønnsom. Derfor er det få som driv med det. Men dersom ein kunne måle dyrevelferd og trivselsfaktor for oss menneske i realistisk pengeverdi, so trur eg dette måtte komme ut som den mest lønnsomme driftsform i norsk landbruk!

Snart er det haust. Og hjortejakt. Då skal vi tilbake til Aastøylen. Eit helrleg jaktterreng! Her er kanskje ikkje alltid so tett med hjort, men det blir alltid mykje spenning med dei dyra som er her. Her er bratt og tett skog, og det er ikkje uvanleg å ha hjort innpå 10-20 m. Då er det action! Denne lia på bildet her er alltid heit :)

fredag 7. august 2009

Jaktfelt...

... er glimrande trening før jakta. Og veldig moro!
Vi er ein gjeng som brukar trene litt jaktfelt ein gang i veka sånn ca, gjennom sommaren. Veldig enkelt opplegg.




Vi har 4 hold, beståande av ulike dyrefigurar, på 30-150 meter. 5 skot på kvart hold. Og ulike skytestillingar på kvart hold.









JR demonstrera her finfin sittande skytestilling med sin danske frøken ved navn Schultz & Larsen.










Og sånn skal det då sjå ut på blinken.






A

Jotunheimen

Den herlige jente-gjengen i Grusveien 19 tok og i år initiativ til fjelltur i Jotunheimen før Vinjerock. Det var vistnok suksess i fjor, og i år var det betrakteleg fleire som ville vere med (inklidert meg). Applaus til jentene som drog i gang og organiserte dette!

Eg visste at Vinje kræsja med LS, og tenkte derfor å kutte ut heile greia. Men det var so mange trivelege folk som skulle vere med, so eg fann til slutt ut at eg kunne bli med på turen sjølv om eg ikkje vart med på Vinjerock. Det faktum at AM skulle vere med var jo og sjølvsagt sterkt medverkande :) So eg ordna meg ei ekstra friveke.

Fredag etter jobb køyrte eg til Sogndal og traff AM og C der. Etter ei overnatting i Luster tok vi bussen over Sognefjellet og opp til Spiterstulen, kor vi samla troppane. Dei fleste starta turen her, men noken møtte oss seinare og slengte seg med.

Første kvelden på Spiterstulen bestod av rømmegraut, øl og swingkurs. og forløp sjølvsagt heilt fri for pinlige episodar :P









Neste dag starta vi å gå. Dagsetappen skulle gå frå Spiterstulen, over Glittertind og ned igjen til Glitterheim. Turen er eigentleg relativt hard, og kanskje hardare enn dei fleste hadde rekna med. Vi snakkar 1300 høgdemeter opp, litt over 1000 ned igjen, fordelt på 2-3 mil. Men var fantastisk flott alt i alt. Middagen på Glitterheim var fantastisk. Glitterheim var nok beste hytta på turen, syns eg :)



Glitterheim


(Eg beklagar det litt tåkete bildet. Eg mista kameraet i ei elv... Rekna med at det var kvelden, og at eg kanskje kunne kjøpe meg eit nytt. Men neida...)





Dag to gjekk vi frå Glitterheim til Gjendesheim. Rein transportetappe, men ganske lang. Vi fekk regnver mot slutten og vart egentlig søkkblaute før vi kom fram til Gjendesheim.

Tredje dagen var veret nok ein gang nydeleg, og vi skulle gå over Besseggen til Memurubu. Dei med mest slitne bein etter to harde dagsmarsjar tok båten, og vi kunne og sende ein del baggasje med samme båt. So vi gjekk lett og ledig over Besseggen. Ein veldig fin tur. Men du går i kø, og Besseggen er omtrent like oppskrytt som eg trudde den ville vere :P
Innover Gjende, mot Memurubu og Gjendebu










Gjengen samla på høgste toppen før vi går ned mot Besseggen


















Bessvatnet på høgre sida, Gjende på venstre

















Ein går faktisk bokstaveleg talt i kø på Besseggen



Vi kom fram til Memurubu. Ei privat (og litt dyr) hytte som bydde på nokre snodige episodar... Men beliggenheiten var veldig fin. Badetemperaturen var forøvrig frisk.

Neste dag gjekk vi over fjellet, ned Bukkelægret og til Gjendebu. Nok ein veldig triveleg plass. Og pluss for turens finaste servitriser... Som i tillegg vart med oss på fest utpå kvelden.
Det vart litt foredrink'ar og forsøk på nachspiel i lavvo'en vår. Vi prøvde til dømes å lære ein amerikaner å drikke karsk a'la Erling. Arti kveld!


Siste dagen vart nok ei transportetappe, til Eidsbugarden og Vinjerock. Nok ein gang vart vi ganske blaute. Eg og AM måtte her forlate gjengen, og det var med tungt hjerte. Neste år skal i alle fall eg satse på å få med meg Vinjerock og!
Eg kon og anbefale "hytte-til-hytte" i Jotunheimen. Litt snodig konsept for ein som helst skal sove i telt og koke på stormkjøkken på tur. Men det er veldig sosialt og ein kan rekke over ganske lange avstander uten å slite seg fullstendig ut dersom ein pakkar ein typisk "hyttesekk". Berre hugs å ha med rikeleg med pengar til øl, for det blir det noken av på hyttene.

Til slutt; nok ein gang takk til denne gjengen! Som har tatt initiativ til desse turane og som tar seg av planlegging og organisering. Og til heile gjengen; Tusen Takk for ein knalltur!


Turist-Alfie

Tilbake frå ferie

Då var eg tilbake frå ferie. Først ei veke i Jotunheimen på "hytte-til-hytte" tur. (Kjem tilbake til turen i eigen tråd). Deretter ei lita veke på Landsskyttarstevnet på Evje.

LS gjekk sånn heilt ok for min del resultatmessig. Har skote veldig lite siste året, og kan ikkje forvente allverden. Hadde 230 på bana og 25 treff på felten. Begge deler er godkjent. Tapar dei som vanleg på ståande på bana (16 av 20 taparar), og på felten tapte eg alle 5 på kneholda. Det er rett og slett treninga det står på, er eg redd.

Kvart haust tenker eg at "i vinter skal eg jammen trene mykje skyting". Innandørstrening med .22 er både veldig bra trening, det er billeg og det er moro. Likevel strekk ikkje tida til, den gjorde i alle fall ikkje det på Ås. Det vart liksom litt for mykje tiltak å komme seg bort på innandørsbana på rostadion. I tillegg vart alle andre ting (les: Samfunnet) prioritert foran. Dette først og fremst fordi skytinga berre var mi greie, og det gjekk berre ut over meg sjølv å droppe det. Gang på gang...

Men til vinteren skal eg jaggu trene masse skyting!

A