tirsdag 29. september 2009

Elgjakt på Fosen.

Ja, då har eg hatt meg noken dagar på Fosen på elgjakt. Er med eit fantastisk triveleg jaktlag som fadern har vore med på nokre år. Vi jaktar i på eit terreng på Bessaker i Roan kommune. Der er det berre fantastisk mykje elg...
Starta jakta på premieredagen den 25.sept. Vi hadde løyve på 4 dyr; 3 ungdyr og ein okse. I dag vart vi ferdig etter 4 1/2 dag med jakt. Resultatet vart 3 fjoroksar og 1 lita ung kyr.
Inne i denne dalen stod det jammen mykje elg. 3 av 4 dyr skaut vi her.

Grompostane ligger her. To i skaret til venstre og ein i skaret til høgre. Vi jaktar rett ved ein vindmøllepark. 25 vindmøller som er 110 m høge viser igjen i landskapet!

Andre dyret vi fekk, eg skaut ein liten fjorokse, eller "vetleokse" som det heiter her på Fosen. Jessi fekk prøvd seg som laushund, noko som ho trivst med!

Ikkje elg i solnedgang, men i siluett i det minste.

Stein Ove skaut det fjerde og siste dyret, det og var ein fjorokse.

"Pinnoksen" på ATV'en sin. Denne mannen er fullstendig sprø når det gjelder å ta seg fram med denne doningen og elg bakpå!

Slakting i redskapshuset til han som administrerer jakta. Stor sett heile jaktlaget, pluss eit par lokale heltar i sving. Dei lokale heltane er herved døpt "pinnoksen" og "fyr og flamme" etter diverse situasjonar :D

Eit godt fornøgd jaktlag tilbake i campinghytta.

Eg har i alle fall hatt noken fantastiske dagar på Fosen. Til tross for eit skikkeleg skjet-ver! Stiv kuling og regn har vore regelen... Men det tåler vi, jervenduken har blitt brukt hyppig!

I morra blir det heimreise. Over Strynefjellet på sommardekk... Kan bli spennande :P

onsdag 16. september 2009

Jakta

... er i gang.
I Røyrvika begynte vi på laurdag. Litt skuffande at vi berre såg 2 dyr. Men kjekt at vi fekk dei to.
Veldig greit egentlig. For ein gong skuld stod vinden stabilt den veien den skulle. Og hjorten gjekk der den helst skulle og. Då er det greit å jakte hjort.

Eit fornøgd jaktlag i Røyrvika!

Valget

... er over. Eg er ikkje redd for å seie rett ut at eg er veldig letta over at det vart raudgrønt fleirtal blant mandata. Der er alltids ein diskusjon korvidt fleirtalet er reelt når ein ser på stemma totalt sett. Sånn vil det alltid vere i eit system. Fair enough for min del.

Ei stor tillitserklæring for den raudgrøne regjeringa å bli gjenvalgt. Det er ikkje lett for ei sittande regjering å blir gjenvalgt i dag. Til det har vi det for godt til å skjønne kor godt vi har det. Og vi har for stor sytekultur i dette landet. Men Jens og jentene klarte det, all honnr til for det!

Venstre gjekk på snørra. Synd egentlig, for det partiet har ein politikk som fortjena meir oppmerksomhet og meir oppslutning ann den har. Eg vurderte faktisk å stemme på Venstre, men gjorde det ikkje av to grunnar; 1. Skuffa over Sponheim si uttale om pelsdyrnæringa. 2. Eg var redd for at ei stemme til nokon andre enn dei raudgrøne, ville indirekte vere minst ei halv stemme til Siv og Erna.

Høgre går fram. greit nok. Det er eit ganske ansvarleg og fornuftig parti. Eg er berre ikkje einig med ideologien i utgangspunktet.

FrP... Kor skal ein begynne...? Ein kan jo seie at dei snart fortjena ein sjanse. Men eg er redd for at i løpet av det "eksperimentet" vil store delar av det Noreg eg er glad i vere rasert. Eg tenker på landbruk, andre primærnæringar og distrikta generelt. For min eigen del har eg vel ingen jobb, og ei fullstendig unyttig utdanning dersom FrP får bestemme. Greit nok at eg får skattelette, men eg har jo ingen inntekt å få skattelette på!
Uansett om eg tenker egoistisk eller solidarisk so klarar eg aldri å bli einig med FrP.
I tillegg syns eg dei oppføra seg rett og slett barsnlig no etter valgresultatet. Skuldar på Lars og Venstre samtidig som at dei hoverer over Venstre sitt dårlege resultat.
Kan dei ikkje innsjå det at sentrumspartia V og KrF har ein politikk som ikkje er foreineleg med eit regjeringssamarbeid med FrP? Skal dei liksom danne ei regjering på "ikke-sosialistisk side" der det einaste dei har til felles er at dei ikkje er sosialistar? Der dei forresten vi ha med seg eit parti som definerar seg som liberalsosialistisk. Ja, det går sikkert bra.

Egentleg er det berre ein politikar som har imponert meg i valkampen. Liv Signe har holdt seg på matta. Ho har ikkje latt seg vippe av pinnen av verken motdebattantar eller programleiarar. Og ho har opptrådt blid og smilande heile tida. I motsetning til den snurtne mina til Siv.

Takk til det norske folk for fire nye år med stabilitet og velferd. Berre dei klarar å få inn litt seriøs miljøtankegang i tillegg so kan det bli bra det!

A

mandag 7. september 2009

Kontoret

Tenkte å legge ut noken bilder av mitt fantastiske kontor. Hjørnekontor i toppetasjen og greier. Veldig fint, heilt til sola kjem fram. Då blir det grisevarmt...


Her sitter eg då, og prøva å skaffe meg fornuftige arbeidsoppgåver som avdelinga kan tjene peng på. Det går litt trått no i starten, men det ser lysare ut, egentlig :)

Her er utsikten rett fram og til venstre


Og dersom eg snur haue mot vest, kan eg følge med på kva denne krana styrar på med.

Og sånn går no dagane...

søndag 6. september 2009

Heime igjen!

Kom akkurat heimatt etter ei veke på kurs i Steinkjer.
Tar eit basiskurs i naturoppsyn ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT). Håpet er å kunne ta oppsynsoppdrag gjennom jobben. Og eventuelt kunne få oppsynsjobb ein gang i framtida :) Er no lov å håpe i alle fall.

Det var knallarti. Tok kurset saman med Annlaug og Anders, gode venar som eg har studert med på Ås. I tillegg traff eg på andre kjentfolk på kurset, bant anna ein kamerat her i frå Naustdal. Verden er liten, i alle fall vår bransje.

Vi budde på campinghytte og levde livet. 3 stykker i ei litt slitt hytte på 10 kvadrat... konge! Fekk og testa nokre ete- og drikkestader i "storbyen" Steinkjer.

I tillegg var eg innom Gunnar i Levanger og Audi i Stjørdal (Hegra). Kjekt å treffe igjen gode venar! Traff i tilleg litt andre kjentfolk i området, og får berre bekrefta mitt inntrykk; det er utruleg mykje trivelege folk i Nord-Trøndelag! Av ein eller annan merkeleg grunn kjenner eg mange folk rundt om i det fylket...

Fekk dessverre ikkje tid til ein tur ut til Line på Harbak. Det må eg ta igjen seinare i haust når eg skal til Fosen på elgjakt. Skal jo til N-Tr igjen om 18 dagar :P

Men merkar at det er noko i uttrykket; "borte bra men hjemme best". No skal det jammen bli godt å legge seg i si eiga seng!

Alfie, globetrottaren