lørdag 17. april 2010

Lenge sidan sist

Ja, det er sant, Line. Det er på tide å legge inn nokre ord her.

Eg har vel oppdaga at eg ikkje er den fødte blogger... Har vore mykje ting og tang på kveldstid i det siste, og i tillegg har vel ikkje motivasjonen for hyppig blogging vore heilt 100%.

Nok om det.
Det er laurdag. Faktisk første dagen sia eg flytta inn i leiligheita at eg berre skal vere her på dagtid. Tidlegare har eg reist til Naustdal i helgane om eg ikkje har hatt ting å gjere her i Førde, eller reist vekk.
I det siste har eg forresten prioritert hyttebygging. Jo større innsats vi legger ned på hytta no, jo tidlegare er den klar for hytteturar til sommaren. Eg gler meg!!!
Denne helga skal eg slappe av litt, og få unna ein del papirarbeid og sånt for Røde Kors, og i jegerprøveinstruktør-utdanninga (dæven. langt ord...)

Ganske digg å ha ein roleg laurdagsmorgon. Tok ein klassisk laurdagstrippel, som består av egg, bacon og Bonanza. Kjent fenomen frå studietida, men lenge sia sist med den no. Genial start på dagen i alle fall!

Etter det har eg sett eit tv-program om krigen. Det er jo 70 år sidan invasjonen i desse dager, og eg sluker rått alt eg kan lese eller sjå om krigen. Syns det er vannvittig facsinerande, på godt og vondt. Godt fordi det er historisk veldig interressant. Vondt pga millionar av triste skjebner... Måtte det aldri gjenta seg!
Kanskje ein av grunnane for at eg er interressert i dette er fordi eg prøvar å forstå korleis noko sånt kunne skje... Det verste er at ein ser same teikna fleire plassar rundt om i verden i dag.

Etter tv-kikkinga tok eg ein oppvask som har blitt altfor stor. Prøva å ta den kvar kveld, men hender det skilr ut...


Kan slenge på litt fleire bilder frå leiligheita, det er jo ikkje so mange som har sett den endå.Stilen ber framleis preg av "ungkars-minimalisme. (Dersom nokon oppfattar dette som fisking etter kvinneleg nærvær og påverknad i leiligheita, so er det riktig oppfatta. Vi treng det vel, både leiligheita og eg... :) )

Kjøkkenet.

Soverommet. Har gått opp til 150 seng. Ganske konge!


Verandaen. Solrik og stor veranda på ca 2,5 x 8 m. Her skal det bli grilling og pilsing til sommaren. Ser det at eg må skrubbe litt her. aller beste er vel å lage treplatning her , i seksjonar som eg kan sette under tak om vinteren.

Nei no får eg komme i gang med det som eg var tenkt å gjere. Auf Wiedersehen.

(Triveleg om eventuelle lesarar legge igjen ein kommentar her. Kanskje det vil hjelpe på blogge-motivasjonen. :) )

6 kommentarer:

  1. Se der du, welcome back!
    Rolig lørdagsmorgen er gull verdt, håper du hadde en fin søndagsstart også!
    klem

    SvarSlett
  2. Bare en kommentar for å hjelpe på motivasjonen! ;)
    Men å blogge med kommentarer som motivasjon kan være litt tungt, jeg bestemte meg før jeg begynte at det skal jeg ikke fokusere på, man kan ikke regne med noe særlig respons, desverre.
    Keep it up, uansett!

    SvarSlett
  3. Der var du attende! :)

    Av og til er det jo så mykje anna som skjer at blogging berre "forsvinn or haude"... Men hvis en sett det opp som alternativet til oppvask, da er det straks meir aktuelt :p (Ein treng nemleg ikkje vere ungkar for at oppvasken blir uhyrer før den blir drept! :p)

    Jegerprøveinstruktør-utdanning, lagar du utdanningsopplegg, eller tek du utdanninga?

    SvarSlett
  4. Line: har merka det du. Det er ikkje hovud-motivasjonen, men det hjelper på.

    Ragnhild: Eg tar det kurset som skal til for å vere instruktør for andre. Sånn at eg kan arrangere jegerprøvekurs. Det manglar vi i heimkommunen min, serru. Det gjenstår berre å gjere noken oppgåver, før eg er godkjent jegerpørveinstruktør :)

    SvarSlett
  5. M'kay :)

    Min jegerprøveinstruktør kunne fortelje det var nokså artig når "tøffegutta" på noko-og-20 skaut dårlegare enn ei jente på 18, og dei vart berre tøffare og tøffare i trynet ettersom det heldt fram slik den dagen på skytebana. Instruktøren visste eg hadde vore konkurranseskyttar i tidlig ungdom - det visste ikkje dei andre :p (Det gjekk betre for dei når vi kom til leirdueskyting da... :p )

    SvarSlett
  6. Hehe.

    Jenter er ofte mykje betre kursdeltakarar enn gutta på jegerprøve og slikt. Jentene er ikkje redd for å spørre og er meir lærevillige. Gutta er ofte sjølvutnevnte ekspertar før dei startar på kurset, og tar ikkje til seg instruksjon like bra.
    Det der er eit arti fenomen :)

    SvarSlett