tirsdag 20. oktober 2009

Guldbergaunet Camping

Då er eg på plass i Steinkjer igjen. Del 2 av oppsynskurset.
Som vanleg tar vi inn på 10 kvadrat hytte på Guldbergaunet. Konge.
No sitte vi her, Annlaug, Anders og eg, med kvar sin laptop i fanget som noken andre geeks. Stas.

Tsssssht! Det var lyden av ei kald Dahls som mista møydomen.

Alfie

torsdag 8. oktober 2009

Bukk

Tor Erik etterspurte bilder her av ein bukk som måtte bite i graset i Røyrvika tidleg i jakta. So her kjem det nokre

søndag 4. oktober 2009

Roleg laurdagskveld

Tar det lungt i kveld. Godt det og av og til. Tatt noken pils og laga til noke mat. Ser "Menn som hater kvinner" på DVD. Grei nok, men boka er betre enn filmen. Det er vel eit ganske vanleg fenomen når ein leser boka først og ser filmen etterpå. Ein lese boka, forelska seg i detaljane, og blir skuffa når filmen på 2 timar berre gjev eit kjapt samandrag av den boka som tok eit døgn å lese. Klassisk fenomen.

Egentlig bør ein gjere det omvendt. Det gjorde eg med Ringenes Herre.
Då kan ein ta for seg dei historiane som ein likar, og gå litt meir i djupna. Få med fleire detaljar som er i boka, men ikkje i filmen. Ein får meir kjøt på beinet på historia, på ein måte.

Det som er cluet då er at filmen kanskje blir best... Sånn var det i alle fall med meg og Ringenes Herre. Eg syns boka vart jækla langdryg, rett og slett. Og dei beste scenene frå filmane, var ikkje so bra skildra skrifteleg.

Kanskje er det sånn at det ein leser/ser først, er best?

Var på jakt i Røyrvika i dag. Fortsatt litt lite dyr å sjå. Men vi såg kalvar i det minste. Det har vi ikkje sett før i år. Vi fekk forøvrig ein liten kalv, som gjekk aleine. Bra å ta ut dei!

I morra ber det ut på jakt igjen. No er det natta!