torsdag 22. april 2010

På Ås!

Då var eg tilbake på Ås for ei "gjesteopptreden" :)
Ganske fint å vere tilbake, våren på Ås er fin.

Anledninga er ikkje berre våren (det får vere måte på...). Men det er MiniUka!!!
I kveld er det revy og konsert med John Olav Nilsen og Gjengen. Heilt ok musikk det, ikkje favoritten kanskje, men ok. Det viktigaste blir uansett å treffe igjen kjentfolk. Det ser eg fram til!

På laurdag vert det og konsert. Først mine gode kameratar i Noregs råaste band; TYYL!. Deretter dei gamle sliterane i Raga Rockers. Oppvarminga vil då bestå av 3000m øl, og grilling på Pentagon. Gode, gamle Ås-aktiviteta!

Får låne rom hos mi gode venninne, og tidlegare kollektivsambuar, Linn. Stas å treffe igjen ho og, har ikkje sett ho sidan i haust.

Det ligge an til ei skikkeleg bra helg!!!!

Klemmar til alle!

1 kommentar:

  1. Fekk festrapport frå MiniUka fredag, og det høres bra ut der da! Men vi må da snakke tidenes fyllesjuke - det er to veker sidan, og enno ikkje teikn til liv i bloggen? :p
    Men har fått forklaringa på kva 3000 meter øl er, frå ein som nesten ikkje klarte å fullføre :p

    SvarSlett