torsdag 22. april 2010

På Ås!

Då var eg tilbake på Ås for ei "gjesteopptreden" :)
Ganske fint å vere tilbake, våren på Ås er fin.

Anledninga er ikkje berre våren (det får vere måte på...). Men det er MiniUka!!!
I kveld er det revy og konsert med John Olav Nilsen og Gjengen. Heilt ok musikk det, ikkje favoritten kanskje, men ok. Det viktigaste blir uansett å treffe igjen kjentfolk. Det ser eg fram til!

På laurdag vert det og konsert. Først mine gode kameratar i Noregs råaste band; TYYL!. Deretter dei gamle sliterane i Raga Rockers. Oppvarminga vil då bestå av 3000m øl, og grilling på Pentagon. Gode, gamle Ås-aktiviteta!

Får låne rom hos mi gode venninne, og tidlegare kollektivsambuar, Linn. Stas å treffe igjen ho og, har ikkje sett ho sidan i haust.

Det ligge an til ei skikkeleg bra helg!!!!

Klemmar til alle!

lørdag 17. april 2010

Lenge sidan sist

Ja, det er sant, Line. Det er på tide å legge inn nokre ord her.

Eg har vel oppdaga at eg ikkje er den fødte blogger... Har vore mykje ting og tang på kveldstid i det siste, og i tillegg har vel ikkje motivasjonen for hyppig blogging vore heilt 100%.

Nok om det.
Det er laurdag. Faktisk første dagen sia eg flytta inn i leiligheita at eg berre skal vere her på dagtid. Tidlegare har eg reist til Naustdal i helgane om eg ikkje har hatt ting å gjere her i Førde, eller reist vekk.
I det siste har eg forresten prioritert hyttebygging. Jo større innsats vi legger ned på hytta no, jo tidlegare er den klar for hytteturar til sommaren. Eg gler meg!!!
Denne helga skal eg slappe av litt, og få unna ein del papirarbeid og sånt for Røde Kors, og i jegerprøveinstruktør-utdanninga (dæven. langt ord...)

Ganske digg å ha ein roleg laurdagsmorgon. Tok ein klassisk laurdagstrippel, som består av egg, bacon og Bonanza. Kjent fenomen frå studietida, men lenge sia sist med den no. Genial start på dagen i alle fall!

Etter det har eg sett eit tv-program om krigen. Det er jo 70 år sidan invasjonen i desse dager, og eg sluker rått alt eg kan lese eller sjå om krigen. Syns det er vannvittig facsinerande, på godt og vondt. Godt fordi det er historisk veldig interressant. Vondt pga millionar av triste skjebner... Måtte det aldri gjenta seg!
Kanskje ein av grunnane for at eg er interressert i dette er fordi eg prøvar å forstå korleis noko sånt kunne skje... Det verste er at ein ser same teikna fleire plassar rundt om i verden i dag.

Etter tv-kikkinga tok eg ein oppvask som har blitt altfor stor. Prøva å ta den kvar kveld, men hender det skilr ut...


Kan slenge på litt fleire bilder frå leiligheita, det er jo ikkje so mange som har sett den endå.Stilen ber framleis preg av "ungkars-minimalisme. (Dersom nokon oppfattar dette som fisking etter kvinneleg nærvær og påverknad i leiligheita, so er det riktig oppfatta. Vi treng det vel, både leiligheita og eg... :) )

Kjøkkenet.

Soverommet. Har gått opp til 150 seng. Ganske konge!


Verandaen. Solrik og stor veranda på ca 2,5 x 8 m. Her skal det bli grilling og pilsing til sommaren. Ser det at eg må skrubbe litt her. aller beste er vel å lage treplatning her , i seksjonar som eg kan sette under tak om vinteren.

Nei no får eg komme i gang med det som eg var tenkt å gjere. Auf Wiedersehen.

(Triveleg om eventuelle lesarar legge igjen ein kommentar her. Kanskje det vil hjelpe på blogge-motivasjonen. :) )