søndag 20. desember 2009

Mo- julebord i går...

... var veldig triveleg. Kjekt å treffe igjen litt av den gamle gjengen eg gjekk på Mo med rundt tusenårsskiftet. Vi var ein fin gjeng i går, men skulle gjerne fått med fleire!
God mat og drikke på Hamnehagen, etterpå gjekk vi på Tresken. Det var som Tresken brukar å vere, egentlig. Det som kanskje skremmer meg litt er at begynner å føle meg litt gammal der :P Reagerer på alle "småripsa" som nesten ikkje har kle på seg...

Arti å treffe igjen litt naustedøler og. Som ein kan stå i kebabkø med og berre preike skjit :)

Var alt i alt ganske arti i går, til tross for at det var Førde det var snakk om!

tirsdag 8. desember 2009

Tiårets beste norske låt

Petre skal kåre tiårets beste norske låt. Tja....
I utgangspunktet ei vanskeleg oppgåve. Det kan aldri bli realistisk sånn som den konkurransen er no. Halvparten av lyttarane til petre hørte på hits for kids i 2001. Og stemmer beinhardt på Donkeyboy eller Erik og Kris... Det blir berre ikkje heilt riktig.

So, kva syns eg er tiårets beste norske låt? Det kjem heilt an på kva ein skal legge i begrepet. Er det den eg likar best? Den som har gjort det best på listene? Ein kombinasjon?
Den eg likar best av dei 100 nominerte er vel kanskje Tynn Tråd med Dumdum Boys. Og reint personleg syns eg og Dumdum Boys er tiårets beste band. Dei hadde eit forrykande comeback, og befesta berre den posisjonen dei allereie hadde som rockekongane i Noreg. Men ingen av låtane var sånn kjempehit, større enn dei andre. Alt var bra liksom. Er vel det som bremsa litt på ei sånn kåring trur eg.

Ein skal ikkje glømme Majesty med Madrugada. Min nr 2. Fantastsik låt, fantastisk band og fantastisk vokalist. Sivert Høyem har bevist at ein trenger ikkje vere halvkatrert tenor for å funke som bandvokal :) (Ta den, tenorjävlar :P)

Kaizers ligge an til å gjere omtrent reint bord. For so vidt ikkje ufortjent det heller, men kanskje litt i overkant. Eg ville vel plassert dei som nr 3 på bandlista. Veit ikkje kass av låtane eg vil trekke fram, dei er omtrent jamngode. Og for å vere ærleg syns eg dei er ganske like.

Dei gamle traverane i A-ha er vel det norske (pop) bandet som har gjort størst suksess i utlandet nokon gang. Endå eit bra comeback, men ikkje heilt 100% mi greie.

Dei mest undervurderte på lista er Satyricon, som representant for det norske svartmetallmiljøet. Denne sjangeren er kanskje Noregs største kultur-eksportartikkel. Veldig undervurdert og veldig misforstått. Heller ikkje det er mi greie, men eg har stor respekt for det som det norske metallmiljøet leverar. Her er Norge blant dei beste i verden, men for få veit om det!

Nei, no er det natta. Og snart nattønske:P Svisker...

Klem Alfie

mandag 7. desember 2009

Tilbake...

etter ei knallhelg på rådyrjakt i Levanger.
Vart ikkje rådyrfall på meg denne gongen heller, men va jammen nære på. E vel ikkje mininga det skal vere enkelt. Vi fekk eit rådyr og ein rev på laurdag.

Har planer om nokre blogginnlegg, men ikkje no. Trøtt som berre F. Køyrt nærmare 70 mil i dag.

Natta folkens!