torsdag 27. august 2009

Pelsdyrnæringa

... er i hardt ver om dagen. Dei fleste har vel fått det med seg.
No burde eg heilt sikkert skrive at næringa bør leggast ned, at den er forkasteleg, at det er dyreplageri etc. Det er jo Politisk Korrekt.

Men det kjem eg altso ikkje til å gjere. Eg har jobba litt med pelsdyr og kjenner meg ikkje igjen i den propagandaen som enkelte sokalla dyrevernarar. Kanskje eg har vore heldig med dei revegardane eg har jobba i, men eg kan ikkje hugse at eg hadde noko å utsette på dyrevelferden. I alle fall ikkje samanlikna med andre driftsformer i det norske landbruket.

Det fins råtne epler i alle kurver. Og i pelsdyrnæringa. Der fins nok dessverre dei med eit litt forelda syn på dyrevelferd. Det er bra at desse vert kontrollert og at det eventuelt vert sett i verk tiltak.
Men det betyr ikkje at heile næringa skal leggast ned. Det fins ingen logikk i det, og det er inegn andre næringar som må finne seg i slikt.
Der skjer av og til dyretragediar i sauehaldet. Det er ikkje snakk om å legge ned heile sauenæringa av den grunn...! Det same med storfe, høns, hest osv.
Det må vere ufatteleg frustrerande for dei seriøse pelsdyroppdrettarane som er opptatt av dyrevelferd og eit skikkeleg dyrehald. At dei blir stigmatisert på den måten.

Eg må og seie at eg er skuffa over diverse politikarar som bit på denne propagandaen frå diverse grupperingar. Dei tek seg ulovleg inn på revegardane, tek bilete og filmar. Ikkje rart pelsdyra viser unormal og stressa atferd når det kjem ukjende folk inn med lys, blitz osv... Det er slike situasjonar som fører til halebiting og andre skader som dei etterpå kan "dokumentere".

Nokon vil påstå at pels er luksusprodukt og unødvendig. Holde dyr fanga kun til menneska sin forlystelse. Skal ein følge den linja må ein vere konsekvent.
Alt hundehold må då og blir forbudt med mindre hunden er brukshund (jakt, gjeting, redning, trekkhund etc). Hundehold er å holde eit rovdyr i fangenskap til vår eigen forlystelse. Samt å nekte hunden å leve ut sine naturlege instinkt og drifter.

Men uansett korleis ein vrir og vender på det so er pelsdyrnæringa snart ein saga blott... Ikkje pga dyrevernaktivistar, men pga mangel på rekruttering. Næringa slit seriøst med forgubbing og det er ingen unge som er interessert i pelsdyr.

So då vinne vel desse sokalla dyrevennane då. Kva blir det neste dei skal gå laus på?

2 kommentarer:

  1. Hm. Kjenner jeg skulle hatt min etolog (dyreatferdekspert)-venn som skrev master på pelsdyr til å svare på denne! Nå har hun akkurat dratt på ferie, men skal høre om hun vil kommentere når hun kommer tilbake.

    Jeg var på pelsdyrgården på Ås et par ganger, og da jeg var liten drev ma og pa med mink, det er detn eneste "erfaringen" jeg har med det.

    Da jeg så revene som levde i de gamle burtypene; små nettingbur uten skjul, uten en eneste pinne å gnage på, og lave slik at menneskene alltid sto over de, var det noen krypende og redde rever jeg så. Og det var IKKE bra.

    I de nyere burene, som er høyt oppe, større, med skjul, hyller og leker, var det en sunnere atferd å spore.

    Men verden trenger ikke pels, verden trenger mat!

    Dessuten kan man vel ikke sammenligne villdret rev med den domestiserte hunden på likt grunnlag? Akkurat som man ikke kan vurdere dyrehold for pels og dyrehold for kjøtt på likt grunnlag.

    Når det gjelder dyrevenner av ekstremistsorten står jeg så ingenlunde inne for deres meninger og handlinger, bare så det er klarlagt!

    Dyrevennlig klem!

    SvarSlett
  2. Ja, skulle gjerne fått snakka med ho venninna di. For eg har mange ubesvarte spørsmål om det her.

    Eg kan gjerne ta debatten om pels er nødvendig eller ikkje. På prinsipiell basis. Eg meinar det er eit bra og positivt naturprodukt, uten at eg sjølv føler behov for å handle meg pels. Andre må gjerne meine noko anna og det respekterer eg.

    Det har heldigvis skjedd mykje bra i pelsdyrnæringa. Større bur, liggehylle, mogelegheit for skjul, tyggepinne osv.
    Dessverre er der nokre useriøse tullingar som ikkje klarer å følge krava. Desse pelsdyrgårdane bør rett og slett berre stengast.
    Vi må gjerne ha hyppige kontrollar og strenge krav til pelsdyrnæringa.

    Det som provoserer meg er at heile næringa tydelegvis skal leggast ned fordi ein del brukarar ikkje følger krava og ikkje evnar å ha bra dyrevelferd.
    Line hadde nok blitt forbanna dersom ho måtte legge ned sauedrifta fordi nokon andre behandla dyra dårleg. For der fins og dårleg sauehold.

    Samanlikninga tamrev vs hund er litt drøy, det er greit. Men samanlikninga tamrev vs villrev er og drøy. Tamreven er tross alt domestisert gjennom 90 generasjonar eller noko slikt.

    Likevel ser eg enkelte paralellar mellom pelsdyrhold og hundehold som er litt skremmande.
    Er det slik at det er fullstendig forkasteleg å holde dyr i bur til produksjon av pels? Medan det er heilt greit og god dyrevelferd å holde dyr i band for å ha selskap. Mesteparten av hundeholdet er jo primært til menneskets forlystelse og velbehag...

    Eg syns det er mykje inkonsekvens og feig politisk korrekthet i denne pelsdyrdebatten (det gjelder ikkje deg, Line. Eg veit at du har gjennomtenkte og fornuftige meiningar!)
    Eg er fortsatt skuffa over at enkelte politikerar sluker rått det som kriminelle aktivistar kjem slepande med...

    SvarSlett