søndag 23. august 2009

Fin dag!

Hepp! Vore dårleg til å skrive her i det siste. Den kjem og går litt den der inspisasjonen og skrivekløa.

Men i dag kan eg i alle fall opplyse om at eg har hatt ein fin og relativt innholdsrik dag.
Starta med det som er kvalitetstid her i huset, å kunne ta seg god tid til å ete frukost i helgane. So det vart ein passeleg lang frukost med ein kaffikopp eller tre.

Fadern skulle på hytta å jobbe. Eg skulle til Røyrvika og merke og rydde nokre hjortepostar. Slapp av fadern på vegen, og køyrde opp i Røyrvika Fekk meg ein finfin tur i skogen. Fekk vel rydda og merka 10 postar eller noke sånt. Såg forresten 2 hjortar, truleg ei kolle med kalv.

Då eg kom ned igjen, tok eg med hagla ned til vatnet for å sjå etter ender.
Klarte å snike meg inn på nokre krikkender som sat på ein stein. Fekk 2 av krikkendene. Tok sannsynligvis sesongens siste bad då eg måtte svømme ut og hente inn endene. Skal bli arti å tilbrede krikkand, for det har eg ikkje smakt før!

1 kommentar: