fredag 7. august 2009

Tilbake frå ferie

Då var eg tilbake frå ferie. Først ei veke i Jotunheimen på "hytte-til-hytte" tur. (Kjem tilbake til turen i eigen tråd). Deretter ei lita veke på Landsskyttarstevnet på Evje.

LS gjekk sånn heilt ok for min del resultatmessig. Har skote veldig lite siste året, og kan ikkje forvente allverden. Hadde 230 på bana og 25 treff på felten. Begge deler er godkjent. Tapar dei som vanleg på ståande på bana (16 av 20 taparar), og på felten tapte eg alle 5 på kneholda. Det er rett og slett treninga det står på, er eg redd.

Kvart haust tenker eg at "i vinter skal eg jammen trene mykje skyting". Innandørstrening med .22 er både veldig bra trening, det er billeg og det er moro. Likevel strekk ikkje tida til, den gjorde i alle fall ikkje det på Ås. Det vart liksom litt for mykje tiltak å komme seg bort på innandørsbana på rostadion. I tillegg vart alle andre ting (les: Samfunnet) prioritert foran. Dette først og fremst fordi skytinga berre var mi greie, og det gjekk berre ut over meg sjølv å droppe det. Gang på gang...

Men til vinteren skal eg jaggu trene masse skyting!

A

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar