fredag 7. august 2009

Jotunheimen

Den herlige jente-gjengen i Grusveien 19 tok og i år initiativ til fjelltur i Jotunheimen før Vinjerock. Det var vistnok suksess i fjor, og i år var det betrakteleg fleire som ville vere med (inklidert meg). Applaus til jentene som drog i gang og organiserte dette!

Eg visste at Vinje kræsja med LS, og tenkte derfor å kutte ut heile greia. Men det var so mange trivelege folk som skulle vere med, so eg fann til slutt ut at eg kunne bli med på turen sjølv om eg ikkje vart med på Vinjerock. Det faktum at AM skulle vere med var jo og sjølvsagt sterkt medverkande :) So eg ordna meg ei ekstra friveke.

Fredag etter jobb køyrte eg til Sogndal og traff AM og C der. Etter ei overnatting i Luster tok vi bussen over Sognefjellet og opp til Spiterstulen, kor vi samla troppane. Dei fleste starta turen her, men noken møtte oss seinare og slengte seg med.

Første kvelden på Spiterstulen bestod av rømmegraut, øl og swingkurs. og forløp sjølvsagt heilt fri for pinlige episodar :P









Neste dag starta vi å gå. Dagsetappen skulle gå frå Spiterstulen, over Glittertind og ned igjen til Glitterheim. Turen er eigentleg relativt hard, og kanskje hardare enn dei fleste hadde rekna med. Vi snakkar 1300 høgdemeter opp, litt over 1000 ned igjen, fordelt på 2-3 mil. Men var fantastisk flott alt i alt. Middagen på Glitterheim var fantastisk. Glitterheim var nok beste hytta på turen, syns eg :)



Glitterheim


(Eg beklagar det litt tåkete bildet. Eg mista kameraet i ei elv... Rekna med at det var kvelden, og at eg kanskje kunne kjøpe meg eit nytt. Men neida...)





Dag to gjekk vi frå Glitterheim til Gjendesheim. Rein transportetappe, men ganske lang. Vi fekk regnver mot slutten og vart egentlig søkkblaute før vi kom fram til Gjendesheim.

Tredje dagen var veret nok ein gang nydeleg, og vi skulle gå over Besseggen til Memurubu. Dei med mest slitne bein etter to harde dagsmarsjar tok båten, og vi kunne og sende ein del baggasje med samme båt. So vi gjekk lett og ledig over Besseggen. Ein veldig fin tur. Men du går i kø, og Besseggen er omtrent like oppskrytt som eg trudde den ville vere :P
Innover Gjende, mot Memurubu og Gjendebu










Gjengen samla på høgste toppen før vi går ned mot Besseggen


















Bessvatnet på høgre sida, Gjende på venstre

















Ein går faktisk bokstaveleg talt i kø på Besseggen



Vi kom fram til Memurubu. Ei privat (og litt dyr) hytte som bydde på nokre snodige episodar... Men beliggenheiten var veldig fin. Badetemperaturen var forøvrig frisk.

Neste dag gjekk vi over fjellet, ned Bukkelægret og til Gjendebu. Nok ein veldig triveleg plass. Og pluss for turens finaste servitriser... Som i tillegg vart med oss på fest utpå kvelden.
Det vart litt foredrink'ar og forsøk på nachspiel i lavvo'en vår. Vi prøvde til dømes å lære ein amerikaner å drikke karsk a'la Erling. Arti kveld!


Siste dagen vart nok ei transportetappe, til Eidsbugarden og Vinjerock. Nok ein gang vart vi ganske blaute. Eg og AM måtte her forlate gjengen, og det var med tungt hjerte. Neste år skal i alle fall eg satse på å få med meg Vinjerock og!
Eg kon og anbefale "hytte-til-hytte" i Jotunheimen. Litt snodig konsept for ein som helst skal sove i telt og koke på stormkjøkken på tur. Men det er veldig sosialt og ein kan rekke over ganske lange avstander uten å slite seg fullstendig ut dersom ein pakkar ein typisk "hyttesekk". Berre hugs å ha med rikeleg med pengar til øl, for det blir det noken av på hyttene.

Til slutt; nok ein gang takk til denne gjengen! Som har tatt initiativ til desse turane og som tar seg av planlegging og organisering. Og til heile gjengen; Tusen Takk for ein knalltur!


Turist-Alfie

1 kommentar:

  1. Besseggen er litt oppskrytt ja, var der for noen år siden, og å gå på tur i kø var helt håpløst! Men herlig med fjelltur, jeg har booket ridetur på Hardangervidda til neste sommer!

    SvarSlett