søndag 6. september 2009

Heime igjen!

Kom akkurat heimatt etter ei veke på kurs i Steinkjer.
Tar eit basiskurs i naturoppsyn ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT). Håpet er å kunne ta oppsynsoppdrag gjennom jobben. Og eventuelt kunne få oppsynsjobb ein gang i framtida :) Er no lov å håpe i alle fall.

Det var knallarti. Tok kurset saman med Annlaug og Anders, gode venar som eg har studert med på Ås. I tillegg traff eg på andre kjentfolk på kurset, bant anna ein kamerat her i frå Naustdal. Verden er liten, i alle fall vår bransje.

Vi budde på campinghytte og levde livet. 3 stykker i ei litt slitt hytte på 10 kvadrat... konge! Fekk og testa nokre ete- og drikkestader i "storbyen" Steinkjer.

I tillegg var eg innom Gunnar i Levanger og Audi i Stjørdal (Hegra). Kjekt å treffe igjen gode venar! Traff i tilleg litt andre kjentfolk i området, og får berre bekrefta mitt inntrykk; det er utruleg mykje trivelege folk i Nord-Trøndelag! Av ein eller annan merkeleg grunn kjenner eg mange folk rundt om i det fylket...

Fekk dessverre ikkje tid til ein tur ut til Line på Harbak. Det må eg ta igjen seinare i haust når eg skal til Fosen på elgjakt. Skal jo til N-Tr igjen om 18 dagar :P

Men merkar at det er noko i uttrykket; "borte bra men hjemme best". No skal det jammen bli godt å legge seg i si eiga seng!

Alfie, globetrottaren

2 kommentarer:

  1. "Naturoppsyn" - høres ut som en av de viktigste jobbene i verden spør du meg!
    Og forresten, Fosen ligger i SØR-Trøndelag! Viktig, viktig.. ;)

    SvarSlett
  2. ikkje heile Fosen, Line... det veit du vel :)

    Forresten er 2 av kommunane i Sør-T med i Nord-T politidisktrikt :D

    SvarSlett