Då var eg tilbake på Ås for ei "gjesteopptreden" :)
Ganske fint å vere tilbake, våren på Ås er fin.
Anledninga er ikkje berre våren (det får vere måte på...). Men det er MiniUka!!!
I kveld er det revy og konsert med John Olav Nilsen og Gjengen. Heilt ok musikk det, ikkje favoritten kanskje, men ok. Det viktigaste blir uansett å treffe igjen kjentfolk. Det ser eg fram til!
På laurdag vert det og konsert. Først mine gode kameratar i Noregs råaste band; TYYL!. Deretter dei gamle sliterane i Raga Rockers. Oppvarminga vil då bestå av 3000m øl, og grilling på Pentagon. Gode, gamle Ås-aktiviteta!
Får låne rom hos mi gode venninne, og tidlegare kollektivsambuar, Linn. Stas å treffe igjen ho og, har ikkje sett ho sidan i haust.
Det ligge an til ei skikkeleg bra helg!!!!
Klemmar til alle!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Fekk festrapport frå MiniUka fredag, og det høres bra ut der da! Men vi må da snakke tidenes fyllesjuke - det er to veker sidan, og enno ikkje teikn til liv i bloggen? :p
SvarSlettMen har fått forklaringa på kva 3000 meter øl er, frå ein som nesten ikkje klarte å fullføre :p