fredag 20. november 2009

Busy helg

Blir hektisk helg det her.

I kveld er det julebord med jobben. Skal bli arti å sjå når ellers litt trauste kollega'ar får litt innabords. Og blir nok triveleg å treffe betre halvdelar. (Sjølv må eg nok gå aleine, stakkar).

I morra er det fiskeseminar. Må nok holde meg litt i skinnet i kveld, for eg skal vere ordstyrar i morra. Jaja. Nok eit julebord i morra kveld, denne gangen på fasjonable Rica Sunnfjord Hotell :) Er faktisk so råflott av meg at eg overnatta på hotellet, som ligge vel 10 min heimeifrå. Skal det vere so skal det vere!!!

Søndag er det andre dag av seminaret. Må nok ein gang vere litt presentabel, då eg skal holde eit innlegg. Skal bli godt å bli ferdig med helga og, lure på om eg skal produsere litt elg-karbiser på søndags kvelden.

Ha ei strålande helg, folkens!!!

PS: Det er vistnok "spark-ein-rødhåret-dagen" i dag. Ingen so har sparka meg...

The A-Man

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar