mandag 30. november 2009

Bruktbilselgarbransjen...

...er nok noko for meg.
Har nettopp solgt gamle Galanten. Bilen som eg har hatt sidan 2004.
Eg har jo då kjøpt meg ny bil (dvs brukt, men ny for meg). Og då har eg jo ikkje bruk for min gode gamle asiatiske venn lenger.
Tok bilete av den og la den ut på Finn.no på fredag. Laurdag ringte det jammen ein trønder som ville ha den. Suksess!
Trønder'n kom med nattbussen frå Trondheim i natt, og vi møttes her i Førde kl 06 i dag. Skreiv under kontrakta og fekk pengane. Og no er den på veg oppover til trøndelag. Bilen har vore der før og kan vegen godt, ingen problem det.

Eg trur Galanten får eit godt liv. Det var tydelegvis ein kar med litt peiling på bil. Han skulle ta ein solid gjennomgang på den og fikse alt som ikkje var heilt på G. Deretter skulle den bli pendlebil mellom Melhus og Værnes.
Det er ei god kjensle å selge den til slik ein kar. Eg må innrømme at eg i mørke stunder har frykta for at Galanten si karriere var over. At ingen ville ha dette glimrande stykke køyretøy, og at det var skroten neste. Men heldigvis var det ein der ute som hadde peiling på bil. Konge!

Pengane kjem godt med. Overtar leiligheit i morra, og treng det meste. Eg har egentlig mest lyst til å kjøpe meg ei børse for pengane, men fornuften vinner vel denne gangen, dessverre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar