onsdag 16. september 2009

Valget

... er over. Eg er ikkje redd for å seie rett ut at eg er veldig letta over at det vart raudgrønt fleirtal blant mandata. Der er alltids ein diskusjon korvidt fleirtalet er reelt når ein ser på stemma totalt sett. Sånn vil det alltid vere i eit system. Fair enough for min del.

Ei stor tillitserklæring for den raudgrøne regjeringa å bli gjenvalgt. Det er ikkje lett for ei sittande regjering å blir gjenvalgt i dag. Til det har vi det for godt til å skjønne kor godt vi har det. Og vi har for stor sytekultur i dette landet. Men Jens og jentene klarte det, all honnr til for det!

Venstre gjekk på snørra. Synd egentlig, for det partiet har ein politikk som fortjena meir oppmerksomhet og meir oppslutning ann den har. Eg vurderte faktisk å stemme på Venstre, men gjorde det ikkje av to grunnar; 1. Skuffa over Sponheim si uttale om pelsdyrnæringa. 2. Eg var redd for at ei stemme til nokon andre enn dei raudgrøne, ville indirekte vere minst ei halv stemme til Siv og Erna.

Høgre går fram. greit nok. Det er eit ganske ansvarleg og fornuftig parti. Eg er berre ikkje einig med ideologien i utgangspunktet.

FrP... Kor skal ein begynne...? Ein kan jo seie at dei snart fortjena ein sjanse. Men eg er redd for at i løpet av det "eksperimentet" vil store delar av det Noreg eg er glad i vere rasert. Eg tenker på landbruk, andre primærnæringar og distrikta generelt. For min eigen del har eg vel ingen jobb, og ei fullstendig unyttig utdanning dersom FrP får bestemme. Greit nok at eg får skattelette, men eg har jo ingen inntekt å få skattelette på!
Uansett om eg tenker egoistisk eller solidarisk so klarar eg aldri å bli einig med FrP.
I tillegg syns eg dei oppføra seg rett og slett barsnlig no etter valgresultatet. Skuldar på Lars og Venstre samtidig som at dei hoverer over Venstre sitt dårlege resultat.
Kan dei ikkje innsjå det at sentrumspartia V og KrF har ein politikk som ikkje er foreineleg med eit regjeringssamarbeid med FrP? Skal dei liksom danne ei regjering på "ikke-sosialistisk side" der det einaste dei har til felles er at dei ikkje er sosialistar? Der dei forresten vi ha med seg eit parti som definerar seg som liberalsosialistisk. Ja, det går sikkert bra.

Egentleg er det berre ein politikar som har imponert meg i valkampen. Liv Signe har holdt seg på matta. Ho har ikkje latt seg vippe av pinnen av verken motdebattantar eller programleiarar. Og ho har opptrådt blid og smilande heile tida. I motsetning til den snurtne mina til Siv.

Takk til det norske folk for fire nye år med stabilitet og velferd. Berre dei klarar å få inn litt seriøs miljøtankegang i tillegg so kan det bli bra det!

A

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar