tirsdag 29. september 2009

Elgjakt på Fosen.

Ja, då har eg hatt meg noken dagar på Fosen på elgjakt. Er med eit fantastisk triveleg jaktlag som fadern har vore med på nokre år. Vi jaktar i på eit terreng på Bessaker i Roan kommune. Der er det berre fantastisk mykje elg...
Starta jakta på premieredagen den 25.sept. Vi hadde løyve på 4 dyr; 3 ungdyr og ein okse. I dag vart vi ferdig etter 4 1/2 dag med jakt. Resultatet vart 3 fjoroksar og 1 lita ung kyr.
Inne i denne dalen stod det jammen mykje elg. 3 av 4 dyr skaut vi her.

Grompostane ligger her. To i skaret til venstre og ein i skaret til høgre. Vi jaktar rett ved ein vindmøllepark. 25 vindmøller som er 110 m høge viser igjen i landskapet!

Andre dyret vi fekk, eg skaut ein liten fjorokse, eller "vetleokse" som det heiter her på Fosen. Jessi fekk prøvd seg som laushund, noko som ho trivst med!

Ikkje elg i solnedgang, men i siluett i det minste.

Stein Ove skaut det fjerde og siste dyret, det og var ein fjorokse.

"Pinnoksen" på ATV'en sin. Denne mannen er fullstendig sprø når det gjelder å ta seg fram med denne doningen og elg bakpå!

Slakting i redskapshuset til han som administrerer jakta. Stor sett heile jaktlaget, pluss eit par lokale heltar i sving. Dei lokale heltane er herved døpt "pinnoksen" og "fyr og flamme" etter diverse situasjonar :D

Eit godt fornøgd jaktlag tilbake i campinghytta.

Eg har i alle fall hatt noken fantastiske dagar på Fosen. Til tross for eit skikkeleg skjet-ver! Stiv kuling og regn har vore regelen... Men det tåler vi, jervenduken har blitt brukt hyppig!

I morra blir det heimreise. Over Strynefjellet på sommardekk... Kan bli spennande :P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar