tirsdag 8. desember 2009

Tiårets beste norske låt

Petre skal kåre tiårets beste norske låt. Tja....
I utgangspunktet ei vanskeleg oppgåve. Det kan aldri bli realistisk sånn som den konkurransen er no. Halvparten av lyttarane til petre hørte på hits for kids i 2001. Og stemmer beinhardt på Donkeyboy eller Erik og Kris... Det blir berre ikkje heilt riktig.

So, kva syns eg er tiårets beste norske låt? Det kjem heilt an på kva ein skal legge i begrepet. Er det den eg likar best? Den som har gjort det best på listene? Ein kombinasjon?
Den eg likar best av dei 100 nominerte er vel kanskje Tynn Tråd med Dumdum Boys. Og reint personleg syns eg og Dumdum Boys er tiårets beste band. Dei hadde eit forrykande comeback, og befesta berre den posisjonen dei allereie hadde som rockekongane i Noreg. Men ingen av låtane var sånn kjempehit, større enn dei andre. Alt var bra liksom. Er vel det som bremsa litt på ei sånn kåring trur eg.

Ein skal ikkje glømme Majesty med Madrugada. Min nr 2. Fantastsik låt, fantastisk band og fantastisk vokalist. Sivert Høyem har bevist at ein trenger ikkje vere halvkatrert tenor for å funke som bandvokal :) (Ta den, tenorjävlar :P)

Kaizers ligge an til å gjere omtrent reint bord. For so vidt ikkje ufortjent det heller, men kanskje litt i overkant. Eg ville vel plassert dei som nr 3 på bandlista. Veit ikkje kass av låtane eg vil trekke fram, dei er omtrent jamngode. Og for å vere ærleg syns eg dei er ganske like.

Dei gamle traverane i A-ha er vel det norske (pop) bandet som har gjort størst suksess i utlandet nokon gang. Endå eit bra comeback, men ikkje heilt 100% mi greie.

Dei mest undervurderte på lista er Satyricon, som representant for det norske svartmetallmiljøet. Denne sjangeren er kanskje Noregs største kultur-eksportartikkel. Veldig undervurdert og veldig misforstått. Heller ikkje det er mi greie, men eg har stor respekt for det som det norske metallmiljøet leverar. Her er Norge blant dei beste i verden, men for få veit om det!

Nei, no er det natta. Og snart nattønske:P Svisker...

Klem Alfie

6 kommentarer:

  1. Enig med førsteplassen din Alf! Hørte på Tynn tynn tråd tidligere idag, enig med du! Og generelt Madrugada på andre og Kaizers på tredje...

    Fant her en dag spotifylister som adresseavisa har mekka, var endel bra der jeg aldri har hørt før - anbefales! Har spotify-invites om du ikke har skaffet deg underet enda... ;)


    http://www.adressa.no/kultur/musikk/article1418403.ece

    SvarSlett
  2. Takk for tipset Ingvild. Spotify har eg hatt ei stund, har ein bror som er hobby-data-nerd :)

    Eg glømte forresten ein outsider; Røyksopp.
    Både Eple og Poor Leno er egentlig veldig bra låter. Har vel gjort det veldig bra internasjonalt og er jækla dyktige, sjølv om og det er berre sånn halvvegs mi greie.

    Alfie

    SvarSlett
  3. Overraskende lite musikk-konkurranse-på-TV deltakere på lista - men savner de ikke! Litt overrasket over noen av låtvalgene, Jaa9 og OnklP har kanskje bedre sanger enn Glir forbi... Men ser til min store glede at både de, Morten Abel, Klovner, Satyricon og Turbonegro er på lista, det er mange gode sanger der! :)

    SvarSlett
  4. Ja, har meir sansen for "kjendisparty" enn "Glir forbi". Men viss vi skal inn på norsk hiphop so blir Jaa9 og P for små i forhold til Klovner, Tungtvann og Paperboys. Men no e vel egentlig ikkje hiphop heilt min sjanger.

    Einig i at det er overraskande ein del låtvalg på lista. Mange av artistane som hadde betre låtar tidlegare på 2000-talet, men som har fått med nyare låtar på lista. Kanskje litt typisk petre...

    SvarSlett
  5. Apopos, Tommy T er ikkje med på lista! Det såg eg no. Jaja... Nå er vel dette ei kåring av og for P3 sine lyttarar - og blir omtrent like seriøs som når Radio Norge kåra tidenes artist no. (Det vart Bruce Springsteen) Radio Norge har kanskje eit breiare aldersmessig samansatt publikum enn P3, men det vil likevel vere nokså smalt utvalg av folk som stemmer på ei slik kåring (- for ikkje å seie, i det heile veit om at kåringa er gjort...)

    SvarSlett
  6. Det er sant.
    Det "mest" korrekte hadde vel vore om P1 hadde hatt kåringa. Då hadde Ole Ivars eller DDE vunne. Odd Norstoga, Hellbillies, Åge og Bjørn Eidsvåg hadde vel og vore høgt oppe.

    Hellbillies savna eg forresten litt på lista. Dei ha jo vore kongane av bygde-rock sia tidleg 90-tal. Og appelera til alle aldersgrupper for so vidt. Men det er ikkje akkurat P3 då...

    Alfie

    SvarSlett