Støylen ligger idyllisk til på ein voll ved siden av ei elv, innerst i Gjengedalen i Hyen.
Her har tante Judit og onkel Anders dyra sine om sommaren. Dei er av dei få bøndene som "støylar" på gamlemåten, og mjølkar kyrne på støylen. Kyrne går fritt ute i den frodige støylsmarka heile dagen, og blir henta inn og mjølka om kvelden. Om morningen vert dei mjølka og sluppe ut att.
Dei leverer ikkje mjølka, då dei ikkje har system med mjølketank på støylen. Mjølka vert separert med handemakt, og tante og søskenbarn Hilde lagar rømme, smør etc på skikkeleg støylsvis!
Før mjølking må kyrne hentast. Dei kan vere nesten kor som helst :) I går var det fadern, søskenbarn Hilde, søskenbarn Sigurd og eg som skulle finne kyrne og hente dei inn til mjølking. Eine kyra går med peilar, so vi visste sånn nokonlunde retningen. Men likevel gjekk det ganske lenge før vi (rettare sagt Sigurd) fann kyrne. Dei hadde like gjerne funne seg ein fin plass med godt beite på ei øy midt i elva.
Eg og fadern vassa over elva og jaga kyrne over på rette sida av elva igjen.
Legg forresten merke til kor reine og fine kyrne er. Sånn blir dei av å gå ute om sommaren!
Etterkvart fekk vi jaga kyrne tilbake til støylen og tante fekk komme i gang med mjølkinga.
Etter mjølkinga vert mjølka separert. Denne gode, gamle seperatoren skiller skiller ut fløyten i mjølka, slik at ein sit att med skummamjølk og fløyte. Legg merke til sveiva, her må det handemakt til for å få det ideelle tempoet. Dette er ein vitenskap!!!
Denne typen støylsdrift er vistnok ikkje økonomisk lønnsom. Derfor er det få som driv med det. Men dersom ein kunne måle dyrevelferd og trivselsfaktor for oss menneske i realistisk pengeverdi, so trur eg dette måtte komme ut som den mest lønnsomme driftsform i norsk landbruk!
Kunne man drevet lønnsomt med melkekyr på dette viset hadde kanskje jeg óg vært melkebonde! Høres fint ut, og så godt å se reine dyr! Klapp på skuldra til tanta og onkelen din!
SvarSlettJepp. Og det beste med heile støylen er fjøslukta. Heilt unik lukt i fjøsen, einaste fjøasen eg veit om so lukta skikkeleg godt! :)
SvarSlett